Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Fjerning av cyste på eggstokker

Ein cyste er ein væskefylt blære som kan sest på overflata av eggstokken. I samband med den normale eggløysinga blir det danna ei rekkje mindre cystar (follikkelcystar). Det er også andre årsaker til cystedanning i eggstokkane.

De fleste cyster på eggstokkene er små, ufarlige og går bort uten behandling. Større cyster kan føre til ubehag eller smerte. En sjelden gang kan årsaken til cyste på eggstokken være eggstokkreft. Dette oppstår hyppigere hos eldre kvinner.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Symptom på at du har cyste på eggstokken er smerter, sansing av trykk, hyppig vasslating og auka magestorleik.

Follikkelcystar blir observerte gjennom éin eller to menstruasjonssyklusar, og dei fleste vil forsvinne av seg sjølve. Om cysten veks eller endrar seg blir det aktuelt å operere. Får du akutte smerter, må du kontakte lege.

Cystar hos eldre kvinner kan ha noko større risiko for utvikling av kreften.

Tilvising og vurdering

Legen viser deg til utgreiing ved gynekologisk avdeling. Årsaka til dette er at du anten har symptom eller det er utført undersøkingar som gir mistanke om cyste på eggstokken.

Utgreiing kan ventast innan 3 månadar. Dersom vi mistenkjer vondarta sjukdom, skjer start av utgreiing innan 14 dagar.

 

Det skal tydelig fremgå i henvisningen hva som utløser begrunnet mistanke om cyste på eggstokk. Henvisningen sendes elektronisk (klart å foretrekke) eller formidles telefonisk (unntaksvis) etterfulgt av henvisning på papir (faks eller post). Henvisningen sendes til gynekologisk avdeling.    

Sjekkliste for henvisning

  • Symptomdebut
  • Hormonbehandling (prevensjon/HRT)
  • Tidligere operasjoner buken/bekken
  • Infertilitetsbehandling
  • Overvekt
  • PCOS
  • Familieanamnese ift kreft

Simpel cyste (en-/to-kamret, glattvegget)

Folikkelcyste, corpus luteum, endometriom, teratom/dermoid. Benigne kriterier på ultralyd  

Premenopausalt

< 4 cm – ingen oppfølging uten symptomer
4 – 8 cm uten symptomer: UL-kontroll etter 3 mnd, hvis uforandret, kontroll 6mnd, 1 år
4 – 8 cm med symptomer: Vurder kirurgi
> 8 cm. Kirurgi (ved tvil kan CT være aktuelt)
 
CA-125 måles  > 4 cm
 
Dermoid/teratom:
Kan observeres, spesielt ved barneønske hvis:
Ingen symptomer
Normal CA125
Cyste < 6 cm
Årlig vekstrate < 2 cm  

Postmenopausalt

Ofte indikasjon for kirurgi ved forhøyet CA125 eller/og > 5 cm (CT aktuelt).
 
<5 cm ktr 3 mnd, hvis uforandret kontroll 6 mnd, 1 år og 2 år. Gjerne hos privatpraktiserende gynekolog. Avslutt hvis ingen vekst og CA125 normal
Ved vekst/symptomer: kirurgi  

Før

Ved gynekologisk undersøking kan legen stundom kjenne cysten. For å stadfeste tilstanden, blir ultralyd gjord av underlivet. Ved mistanke om unormal cyste, kan det vere aktuelt å ta ein prøve av cysten i samband med ultralydundersøkinga og dessutan blodprøve.

Ved forundersøkinga blir du informert om operasjonen. Dersom du bruker medisinar er det viktig at medisinlista er oppdatert.

Strengare reglar kan vere nødvendige for somme. Det får du i så fall beskjed om.​

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Under

Kikhòlsoperasjon (laparaskopi) er den vanlegaste metoden som blir brukt for å operere cyste.

Operasjonsmetode/bedøving

Operasjonen skjer i narkose. Gjennom eit lite snitt i navlen fører vi inn eit røyr som overfører bilete til ein TV-skjerm. Vi lagar også fleire små innstikk i bukveggen til instrument vi bruker under operasjonen.

Hos kvinner før overgangsalderen vil ein om mogleg berre fjerne sjølve cysten – og bevare resten av eggstokken og funksjonen. Dersom det er usikkert om cysten er godarta, fjernar vi heile eggstokken. Etter overgangsalderen er vondarta cystar vanlegare, og ein bør fjerne heile eggstokken. Legen vil diskutere dette med deg før operasjonen.

Etter operasjonen skal du vanlegvis opp av senga etter få timar for å redusere faren for blodpropp. Du kan reise heim same dag. Ved somme tilfelle må du bli 1-2 dagar på sjukehuset.

Etter

Dersom det er teke prøve under operasjonen vil du bli kontakta når svaret er klart og om det er aktuelt med oppfølging.

Du bør halde fram med smertestillande tablettar regelmessig dei første 3 dagane, sjølv om du ikkje har mykje smerter. Etter nokre dagar, når smertene blir mindre, kan du redusere dosen og ta etter behov. Grad av smerter/ubehag etterpå er avhengig av kva som er gjort. Mange opplever «luftsmerter» med vondt i skuldrer/nakke, som kan vare i 1-2 dagar.

Det er vanleg med ei lita bløding frå skjeden i 1-4 veker. Samleie, bading og bruk av tampong bør utsetjast til blødinga frå skjeden har stoppa.

Du kan vere i vanleg aktivitet heime. Du må rekne med å vere fråverande frå arbeid i 3-7 dagar avhengig av kva som er gjort og kva arbeid du har.

Ver merksam

Dersom du får feber, kraftig bløding eller aukande smerter, bør du ta kontakt med sjukehuset. Det same gjeld dersom du får heving i beina eller aukande tungpust.

Ved alle operasjonar er det risiko for komplikasjonar, både under og etter operasjonen. Narkose/bedøving medfører også ein liten risiko.

  • Bløding og infeksjon kan skje. Skadar på tarm, urinblære, urinleiarar eller nervar kan hende, men svært sjeldan.
  • Blodpropp kan oppstå sjølv om ein gir blodfortynnande medisin.