Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Delvis fjerning av mandlane blir utført for å betre plassforhold for pasientar som slit med munnpust, svelgvanskar, vanskar med å ete, pustevanskar eller snorking om natta som følge av store mandlar.
Mandlane er lymfatiske organ som er på kvar side i halsen bak i halsen. I tidleg barndom bidrar mandlane til å danne immunstoff og utvikle immunforsvaret i kroppen. Desse immunstoffa varer heile livet. Liknande vev finst også andre stader i svelget og i øvre luftvegar. Delvis fjerning av mandlane har derfor ingen innverknad på immunforsvaret i kroppen.
I mange tilfelle er det også nødvendig å fjerne adenoid (polyppar eller «falske mandlar») – spesielt dersom barnet er plaga med nasetettleik.
Delvis fjerning av mandlar blir utført i narkose. Dette er ikkje eit komplisert inngrep, men det finst ein risiko for etterbløding. Slike blødingar skjer likevel langt sjeldnare etter delvis fjerning av mandlane enn ved fullstendig fjerning.
Før inngrepet må ein avklare om barnet har andre sjukdommar eller bruker medisinar som kan ha betydning for operasjonen eller narkosen.
Dersom barnet bruker blodfortynnande medisinar, må ein avklare med fastlege om det kan slutte med desse, før operasjonen.
Barnet må dusje og vaske håret enten på operasjonsdagen eller kvelden før.
Barnet vil få ein venekanyle (PVK/veneflon) på handbaken for å sette narkosemiddel. Barnet kan få på bedøvingskrem (Emla) før venekanylen blir sett, slik at stikket gjer mindre vondt. De kan kjøpe Emla på apoteket, og kremen må leggast på begge handbakar cirka 1 time før oppmøte på sjukehuset.
Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsette timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Strengare reglar kan vere nødvendig for nokon. Det får de i så fall beskjed om.
Dersom barnet bruker faste medisinar, skal desse ikkje takast om morgonen operasjonsdagen. Ta medisinane med til sjukehuset saman med ei oppdatert liste over medisinane barnet bruker. De får beskjed om kva for nokre av dei faste medisinane barnet kan ta før operasjonen. Inhalasjonsmedisin kan brukast som vanleg og takast med til sjukehuset.
På sjukehuset vil personell ta imot dykk, og barnet får delt ut sjukehusklede og seng.
Ver førebudd på at det kan bli noko venting før det er klart til operasjon.
En ledsagar får vere med barnet inn på operasjonsstua når barnet blir lagt i narkose. Når barnet har sovna, må ledsagaren forlate operasjonsstua.
Munnen blir halde open med eit instrument kalla gag eller munnsperre, som trykker ned tunga. Delar av mandlane blir fjerna enten ved bruk av såkalla termisk energi – i form av ei elektrisk saks – eller med laser.
Etter operasjonen blir barnet observert på oppvakningsavdelinga. Ein følgesperson kan vere hos barnet så fort det er praktisk mogleg. Kirurgen vil informere om operasjonen og eventuelle forholdsreglar. De kan vanlegvis reise heim 1–2 timar etter operasjonen. Barn må ikkje vere aleine dei første 2 dagane etter operasjonen.
Anbefalt fråvær frå barnehage eller skule er 7 dagar etter operasjonen, og fritak frå gymnastikk i 2 veker.
Foreldre til barn som har blitt operert, har rett på pleiepengar frå første arbeidsdag. Lege fyller ut søknadsskjema før heimreise. Ved behov for pleiepengar, kan de søke om dette til NAV. Fråværserklæring til skule blir utlevert før heimreise.
Barnet får resept på smertestillande medisinar (eResept).
Det er ikkje uvanleg med noko blodtilblanda slim. Da anbefalar vi å prøve kaldt omslag på hals/nakke og å suge på ein isbit, spise is eller drikke kaldt vatn. Men dersom barnet blør (meir enn spytt), må de ta direkte kontakt med avdelinga eller ambulanse 113.
Bløding etter fjerning av delar av mandlane skjer ikkje ofte, men kan vere alvorleg. Vi ønsker derfor at de tar kontakt så fort de er det minste i tvil, og har låg terskel for å ringe 113.
Barn bør bli nøye observert dei første dagane etter operasjonen. Det er anbefalt å sove hos barnet eller sjå til barnet fleire gonger om natta. Ei mogleg bløding etter operasjonen vil ein sjå ved blod frå nase eller munn, blodig hoste eller mørk avføring. Også ein stadig svelgetendens hos barn kan tyde på ei eventuell bløding.
Unngå fysisk slit (sport eller gym) og tunge løft i sju dagar. Når blodtrykket stig, utvidar blodkara seg og dermed aukar blødingsfaren.
Bruk lunkent vatn i dusjen og badet dei første 2–3 dagane.
Unngå varm mat og drikke og mat med skarpe kantar (som knekkebrød, brødskorper, nøtter og liknande) i tre dagar.
Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Gi smertestillande medisin etter legens anbefaling.
Det er ikkje uvanleg at øyresmerter oppstår omtrent to dagar etter operasjonen. Øyresmertene kjem av hevelse rundt nervane, som går frå halsen og opp til øyret. Ubehaget kan bli redusert ved at barnet ligg med hovudet eller overkroppen heva.
Det er viktig at barnet drikk rikeleg og ofte. Det kan hindre danning av harde skorper på sårflatene, som kan gi auka smerter.
Andre følger etter operasjonen kan vere
Sidan ikkje heile mandelen blir fjerna, kan det seinare oppstå halsbetennelsar som treng behandling. Den resterande mandelen kan også bli fjerna i etterkant. I sjeldne tilfelle kan mandelvevet vekse ut igjen og krevje ny behandling.
Ved nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med væskeinntak, ta kontakt med avdelinga.
Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.
Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.
Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund