Fjerning av delar av mandlar i narkose hos vaksne - tonsillotomi, nynorsk
Mandlane (tonsillene) sitter i svelget, en på kvar side, og ein del av lymfesystemet. I tidleg barndom bidrar lymfesystemet i svelget til modning av immunapparatet. Mandlane kan skape sjukdom og problemer som gjentatte halsbetennelser, nattlige pustevanskar, halsbyll eller kronisk betennelse.
Tonsillotomi betyr at delar av mandlane blir fjerna med operasjon. Operasjonen blir vanlegvis gjort på pasientar slit med plager på grunn av størrelsen på mandlane, som munnpust, svelgvanskar og gjerne pustevanskar/snorking om natta.
Før
Før operasjonen må vi vite om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisinar. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.
Du må på førehand fylle ut eigenmeldingsskjema om helsetilstand. Dette er for at sjukehuset skal vite om sjukdommar eller symptom som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.
Har du tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose vil vi gjerne at du fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Ta med medisinlista di til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisin eller kosttilskot. Det er anestesilegen som avgjer kva medisinar du kan ta før operasjonen.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringar, klokker, piercing, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på.
Sjukehuset må vite om du har tannprotese, bru, krone, stift eller lause tenner. Protesar kan du behalde til du er inne på operasjonsstova, men dei må fjernast før du sovnar.
Oppmøte
På sjukehuset møter du personell som tar i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare tinga dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.
Under
Narkose
Operasjonen blir gjort i narkose. Narkose er den vanlegaste formen for bedøving. Du får sovemedisin direkte i ei blodåre på armen, du sovnar raskt og vil vere smertefri under heile operasjonen. Anestesisjukepleiar og anestesilege passar på at du søv godt og får rett bedøving.
Du blir lagt i ryggleie på operasjonsbordet. Munnen blir halde open med eit instrument kalla gag. Det blir brukt ulike metodar for å fjerne deler av mandelen. Såret i halsen blir ikkje sydd, men skal gro av seg sjølv.
Etter
Oppvakning
Etter at operasjonen er ferdig, må du vere på oppvakningsrommet i rundt 2 timar. Då kan du dra heim dersom alt er i orden. Du får behandling for smerter og eventuelt kvalme. Kvalme er vanleg etter narkose.
Smertelindring
Før heimreise vil legen som opererte deg og sjukepleiar på oppvakninga snakke med deg om kva du må passe på etter operasjonen og du vil få informasjon om bruk av smertestillande medisin. Legen sender elektronisk resept til apoteket på det du treng.
Dei fleste har smerter i halsen etter operasjonen. Det er vanleg at drøvelen og slimhinna i halsen hovnar litt opp etter operasjonen. Smerte kan stråle opp mot øyrene. Ta smertestillande medisin etter legen sine råd.
Danning av skorper i halsen
Etter at deler av mandlane er fjerna, dannar det seg sår med skorper. Desse skorpene treng cirka 5 døgn før dei er klare til å falle av. Når skorpene starter å falle av, kan det opplevast som smerter i halsen. Smertene kan vare i 1 til 3 dagar. Fortsett med smertestillande dersom det er behov.
Mat og drikke
Det er viktig å drikke ofte. Is verkar både smertestillande og kan hjelpe slik at du ikkje begynner å blø. Den fyrste veka etter operasjonen skal du unngå varm mat/drikke og mat med skarpe kantar som knekkebrød, brødskorper og nøtter.
Fysisk aktivitet
Unngå fysisk aktivitet (sport/gym) og tunge løft i 14 dagar. Ved fysisk aktivitet vil blodtrykket stige. Då utvidar blodkara seg og dermed aukar faren for bløding.
Fråvere frå jobb/skule
Det er vanleg med å vere vekke frå jobb/skule i 1-2 veker etter operasjonen. Be om sjukemelding eller fråverserklæring dersom du treng det.
Generelt om heimreise
Alle som får utført tonsillotomi kan i utgangspunktet reise heim same dag. Ingen får forlate sjukehuset aleine etter ein operasjon, du må avtale at nokon kan komme og hente deg. Du skal ikkje være aleine første kveld og natt etter operasjonen.
Ver merksam
Faren for bløding etter operasjonen gjeld i 2 veker. Bløding oppstår sjeldan, men kan vere alvorleg. Då skal du ringe 113.
Ta kontakt ved bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med å drikke.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Øre-nese-hals
Oppmøtestad
Våre lokalar er i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Du kan bruke hovudinngangen og passere resepsjonen og sjukehusapoteket - du finn oss heilt i enden av korridoren.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund