Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Falske mandlar/adenoide vegetasjonar er forstørra lymfevev øvst i svelget bak i nasen (nasesvelget). Slikt vev kan hos småbarn medføre nasetettleik, munnpusting, snorking, pustestopp, dårleg søvn og at barnet er sliten på dagtid. I tillegg kan store falske mandlar bidra til at det dannar seg væske i mellomøyret, og redusert høyrsel. Ved uttalte plager blir dette behandla kirurgisk.
Fastlege tilviser barnet først til poliklinisk øyre-nase-hals-undersøking for vurdering av falske mandlar/adenoide vegetasjonar.
Barnet møter fastande til operasjon. Alle smykke må vere fjerna.
Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Barnet vil vanlegvis ikkje oppleve store smerter etter operasjonen og kan reise heim etter nokre timar. Ved behov for smertelindring blir paraetamol (Paracet) anbefalt. Barnet kan ete som vanleg, og vi anbefaler rikeleg med drikke første dagen. Vanlegvis blir det ikkje avtalt fast kontroll hos øyre-nase-hals-lege.
Barnet bør halde seg i ro 2–3 dagar etter operasjonen.
Ved bløding fra nase eller munn som ikkje stopper av seg sjølv etter nokon minutter (meir blod enn spytt) skal ein ta direkte kontakt med avdelinga eller legevakt. Ring 113 ved sterk bløding.
Ventetid: Ikke oppdatert
Kontakt Øre-nese-halsHaugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.
Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.
Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.
Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande.

Karmsundgata 120
5528 Haugesund