Etter inngrepet blir det nokre gonger lagt inn ein spesiell tampong i skjeden som avgrensar bløding. Denne fjernar du sjølv etter 4 timar, etter avtale med lege.
Unngå samleie, karbad, tampongbruk og store fysiske anstrengingar i 4 veker, eller så lenge du blør. Sjukmelding vil vere aktuelt i éin dag.
Nokre får menstruasjonsliknande smerter etter konisering. Det går ca. 3 veker før såret på livmorhalsen gror, og i denne tida må du rekne med utflod med blod.
Om du skulle begynne å blø (meir enn ved vanleg menstruasjon), tar du kontakt med sjukehuset. Blødingsfaren er størst dei første dagane etter koniseringen. Du må også ta kontakt ved aukande smerter og/eller feber.
Konisering påverkar ikkje fertiliteten, og så lenge ein berre tar bort ein liten bit av livmorhalsen gir det ingen stor auke i risiko for prematur fødsel.
Kontroll
Biten som er skore bort blir send til undersøking. Du vil få informasjon om prøvesvar og skal til kontroll enten hos fastlege eller på sjukehuset 6 månader etter inngrepet.
Det vil bli tatt ei livmorhalsprøve etter seks månader. Om alt er normalt, er det 3 år til neste HPV-test.