Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fødselsrifter med skade på endetarmens lukkemuskel

Under fødselen blir bekkenbotnen strekt og det kan oppstå rifter i huda. Mange fødande får mindre rifter, men i blant kan den fødande få større fødselsrifter. Det kan føre til skade på endetarmens lukkemuskel.

Lukkemuskelen er ein ringmuskel, som går rundt den nedste delen av endetarmen, og dens funksjon er å halde på luft og avføring. Ein normal og frisk lukkemuskel er konstant samantrekt.

Dersom lukkemuskelen er skadd og ikkje gror saman fullstendig, kan lukkemekanismen bli svekt. Da kan du få plager med at du lek luft og ikkje har full kontroll på avføringa, og du opplever kanskje problem med å rekke toalettet i tide. Dette gjeld særleg dei første 2–4 månadene.

Før

Under

Etter

Ver merksam

Ta kontakt med lege dersom:

  • du får feber
  • vevet rundt såret blir meir hovent
  • smertene i såret aukar
  • du trur såret kan ha sprokke opp
  • du lekker avføring