Om du er i risiko for underernæring, vil helsepersonell gjere ei individuell kartlegging som inkluderer vekt, matinntaket ditt og faktorar som påverkar dette. Ein ernæringsplan skal utarbeidast i dialog med deg, og eventuelt pårørande dine. Den skal blant anna innehalde kartlegginga, kor mykje du treng av energi, protein og væske, og konkrete tiltak for å dekke desse behova.
Du blir undersøkt, får behandling av sjukepleiarar og legar. Ved behov blir klinisk ernæringsfysiolog kontakta.
Kor lenge varer behandlinga?
Ernæringsbehandling tar tid og må ofte fortsette etter sjukehusinnlegginga. Det er viktig at du og eventuelt pårørande dine er involvert i ernæringsbehandlinga, slik at tiltaka fortset så lenge det er behov. Det er ein auka risiko for reinnlegging i sjukehus ved underernæring.
Kreftforeningen har mykje nyttig informasjon om ernæring i samband med sjukdom, som også kan vere relevant dersom du har andre sjukdommar enn kreft.
Nettsidene til Kreftforeningen har gode tips og råd ved nedsett matlyst og vekttap ved sjukdom.