Dersom du skal til fostervassprøve eller morkakeprøve (invasiv prøve), er det fint om du tar med deg eit skriftleg prøvesvar på blodtypen din om du har eit notat på dette. Det kan for eksempel vere helsekort frå tidlegare svangerskap eller svar på blodprøven frå dette svangerskapet.
Fosterdiagnostikk
Fosterdiagnostikk inneber å stille ein diagnose på fosteret før det er fødd. Vi kan bruke ultralydundersøkingar, genetiske undersøkingar av celler i fostervatnet eller frå morkaka, og blodprøvar av mor.
Om fosterdiagnostikk
Metodane som blir brukte er delt i ikkje-invasive metodar og invasive metodar. Diagnostikken er regulert av Bioteknologilova.
Sjå filmen:
Rettleiing om fosterdiagnostikk og NIPT (ikkje-invasiv prenatal test)
Vi gjer merksam på at filmen blei laga før endringa av abortlova i 2025. Sjølvbestemt abort kan utførast fram til og med svangerskapsveke 18. NIPT er no eit tilbod til alle kvinner, men kvinner under 35 år utan annan indikasjon må betale ein eigenandel på 6000 kroner.
Tilvising og vurdering
For å få utført fosterdiagnostiske prøver og undersøkingar ved eit fosterdiagnostisk senter, må det liggje føre ein medisinsk indikasjon.
Dersom fosterdiagnostikk er aktuelt, bør det tidlegast mogleg i svangerskapet sendast ei tilvising frå jordmora eller fastlegen din til næraste avdeling for medisinsk genetikk. Tilvisinga må innehalde informasjon om førebels svangerskapslengd, basert på dato for siste menstruasjon.
Før
Under
Prøvane og undersøkinga blir utført på fostermedisinsk avdeling av legar og jordmødrer, avhengig av type undersøkingar.
Metodar utan inngrep (ikkje-invasive metodar)
Ikkje-invasive metoder har ingen risiko for mor eller foster. Det er viktig å forstå at desse metodane bare gir ei risikoberekning. Det vil seie at ein negativ test (lav risiko for sjukdom) ikkje gir garanti for at fosteret er friskt. Ein positiv test (auka risiko for sjukdom) krev stadfesting med invasiv diagnostikk.
Tidleg ultralyd med måling av nakkeoppklaring (nakketranslusensmåling): Blir utført mellom svangerskapsveke 11 og 14. Alle fostera har i denne perioden ein liten væskebrem under huda i nakken som kallast for nakketranslusens eller nakkeoppklaring. Har oppklaringa auka, er det større risiko for kromosomforandring, for eksempel Downs syndrom (trisomi 21). Auka nakkeoppklaring kan ein også sjå ved andre tilstandar, som for eksempel hjartefeil, men fosteret kan også vere heilt friskt.
Blodprøvar av mor
NIPT-test: Denne testen er ei enkel blodprøve frå den gravide. NIPT (ikkje-invasiv prenatal test) nyttar blodet frå mor til å analysere arvestoffet til fosteret for enkelte kromosomendringar. Arvestoffet (DNA) frå fosteret finst i små mengder i blodet til mor. Den gravide kan ta testen etter veke 10 i svangerskapet, og den blir gjerne teken i samband med tidleg ultralyd av fosteret. NIPT er ein påliteleg test, men testen er ikkje perfekt. Alle som skal ta NIPT-test må levere signert samtykke og må òg stadfeste at dei har fått rettleiing om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk.
Metodar med inngrep (invasive metodar)
Kva slags analysar som blir utførte kjem an på årsaka til at du er tilvist, og ein total risikovurdering.
Morkakeprøve
Blir utført etter fullgåtte 11 svangerskapsveker med ultralydrettleia tilgang gjennom mors mage eller skjeden.
Fostervasssprøve
Fostervassprøve blir utført tidlegast etter fullgåtte 15 svangerskapsveker med ultralydrettleidd innstikk gjennom mors mage.
Invasive metodar kan medføre ein viss risiko for spontanabort, for tidleg vassavgang eller for tidleg fødsel.
Svangerskapslengd blir vurdert av legen som tek prøven, basert på målinga av storleiken på fosteret den aktuelle dagen prøva skal takast.
Etter
Ved invasive metodar vil avdelinga for medisinsk genetikk analysere prøvane. Resultata blir formidla av den som bestemte, saman med deg, at invasiv test skulle nyttast, eller av den som utførte testen. Legen som tar prøven informerer deg om korleis resultata blir formidla til deg, din lege eller jordmor.

