Undersøking

Fostervassprøve

Fostervatnet inneheld celler frå fosteret som kan brukast til å utføre kromosomundersøkingar av fosteret. Av og til er det også aktuelt å undersøkje for tilstandar som til dømes genfeil.

Tilvising og vurdering

Gravide kvinner som har auka risiko for å få eit foster med kromosomforandring eller genetisk sjukdom kan få tilbod om morkakeprøve eller fostervassprøve. For å få utført fostervassprøve må du bli tilvist av lege, jordmor eller frå ei avdeling for medisinsk genetikk. Av og til utfører vi fostervassprøve som ledd i utgreiing av infeksjon i svangerskapet.

I tilvisinga må det opplysast om dato for siste menstruasjon og grunnen til at vi skal vurdere å utføre undersøkinga (indikasjon). Vi treng også å vite om du bruker blodfortynnande medisinar og om du er berar av blodsmitte, til dømes hepatitt.

Før

Før undersøkinga vil du få genetisk rettleiing ved ei avdeling for medisinsk genetikk.

Under

Først gjer vi ei orienterande ultralydundersøking. Dette gjer vi for å:

  • finne ut kor stort fosteret er og stadfeste at svangerskapslengd er minst 15 veker + 0 dagar.
  • finne ut kvar det er mest veleigna staden for prøvetaking og finne ut om det er nokre forhold som medfører auka risiko for komplikasjonar.

Somme gonger vil vi tilrå å utsetje fostervassprøva. Vi utfører inga full ultralydundersøking av fosteret.

Under ultralydrettleiing stikk vi ei tynn nål inn i fostervasshòla og syg ut cirka 15 ml fostervatn.

Prøvetakinga kan gjere litt vondt, omtrent som ei vanleg blodprøve.

Etter

Vi ber deg vente 15 min før du forlèt sjukehuset. Den næraste veka skal du ta det litt meir med ro enn vanleg. Dersom du har tungt arbeid vil du ha behov for sjukmelding nokre dagar.

Fostervasscellene blir undersøkte i laboratorium for medisinsk genetikk. Kor lenge du må vente på prøvesvar er avhengig av kva vi undersøkjer. Vanlegvis tek det minst éi veke. Enkelte spesielle undersøkingar kan ta opptil fleire veker. Du får svar anten via brev i Helsenorge eller over telefon, avhengig av årsaka til fostervassprøva. Dette blir vanlegvis avtalt mellom deg og den som tek fostervassprøva.

Ver merksam

Under 0,5 prosent av dei som tek fostervassprøve har risiko for spontanabort på grunn av sjølve prøvetakinga. Denne risikoen er auka spesielt i løpet av den næraste veka etter prøva er teken.

Kontakt

Haugesund sjukehus Føde og barsel Haugesund

Kontakt Føde og barsel Haugesund

Oppmøtestad

3. etasje i nybygget ved Haugesund sjukehus. Gå gjennom dei doble dørene ved Narvesen og ta heis eller trapp opp til vår avdeling.

Besøkstider og retningslinjer for besøk

  • Barnefar: kl. 09.00 - 21.00
  • Barnets søsken og besteforeldre: kl. 17.00 - 18.00

Andre besøkande er av omsyn til mor og barn, ikkje tillate i avdelinga.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

 

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.