Før du kjem til avtale for utgreiing i HABU, bør du tenke gjennom, og gjerne notere, det du synest er aktuelt om utviklinga og funksjonen til barnet eller ungdommen, når det gjeld:
- bevegelse og leik
- dagleglivets aktivitetar – slik som forflytting, eting, påkledning og fritidssyslar
- tidlegare sjukdommar
Det er ønskeleg at to vaksne følger til avtalen. Dersom det er andre enn føresette som følger barnet eller ungdommen, må dette vere personar som kjenner han eller henne godt.
Dersom barnet eller ungdommen har hjelpemiddel i jamleg bruk, så ta dei med til avtalen i HABU. Dette kan vere hjelpemiddel for forflytting, kommunikasjon eller anna.
Undersøking hos lege og fysioterapeut kan innebere at barnet/ungdommen er mest mogleg avkledd. Det kan derfor vere fint å ta med for eksempel ein shorts og ei ermelaus trøye.