Det er viktig å gå gjennom eventuelle sjukdommar du har saman med ein treningsinstruktør eller behandlar, slik at treninga blir tilpassa den fysiske helsa di. Det er viktig at du er motivert for tilbodet.
Saman med treningsinstruktøren eller behandlaren din set du opp ønskte mål og metodar for treninga. Det er viktig at du gir tilbakemelding på korleis du opplever treningsprogrammet, slik at treninga blir tilpassa deg. Ved oppstart av programmet kan det vere nyttig at du gjennomføre ulike fysiske testar.

