Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ganglion hånd

Ganglion er ein til tider om og væskefylt kul som går ut frå eit ledd eller ei seneskjede i hånda. Dei er alltid ufarlege og forsvinn ofte av seg sjølv. Ganglion sit ofte oppå hånda, men kan også komme på innsida av handleddet og fingrane. Ganglion er ein ganske vanleg tilstand i aldersgruppa 15-50 år, noko oftare hos kvinner.

Symptom

Eit ganglion oppstår når det skjer forandringar i vevet som kapslar inn leddvæske i eit ledd eller ein seneskjede. Årsaka er ukjent, men kronisk irritasjon, overbelastning, slitasje (artrose) eller skade kan vere ein del av årsaka. Ganglionet kan variere i størrelse. Eit ganglion kan gi smerte og påverke kor bevegeleg handa er. Nokre gonger kan det gjere vondt ved berøring, men som regel er området smertefritt og kulen er bare kosmetisk.

  • namn og fødselsdato
  • om pasienten ønskjer operativt tilbod om det er aktuelt (oppgi vekt og høgd)
  • akutt skade eller snikande debut
    • symptom og varigheit
    • detaljert angjeving av smerter (lokalisering, utstrålende, eventuelle smerter andre stader)
    • eventuelle tidlegare operasjonar
    • funn ved klinisk undersøking: rørsleutslag, heving, kraft, nerveutfall?
  • bildediagnostikk:
    • resultat av bildediagnostikk, når og kvar er dette utført?
    • for pasientar med mistanke om slitasje i tommel (cmc1) ønskjer vi standard røntgenbilete
  • behandling utført og effekt av denne (for eksempel fysioterapi)
  • yrke og sjukemeldingsstatus
  • faste medikament
  • andre sjukdomar
  • behov for tolk

Før

Under

Etter

Ver merksam

Viss du får feber, langvarige smerter eller hevelsen ikkje går ned må du ta kontakt med sjukehuset.

Du bør også ta kontakt med sjukehuset viss bandasjen forskyv seg eller er for trang.

Kontakt

Stord sjukehus Dagkirurgi, Stord
Ventetid: Ikke oppdatert

Ventetid: Ikke oppdatert

Kontakt Dagkirurgi, Stord

Oppmøtestad

Gå til ventesone utanfor dagkirurgisk avdeling i 2. etasje på Stord sjukehus.

Du må først registrere at du er komen. Dette gjer du på automaten i resepsjonen i 1. etasje, eller på mobiltelefon via SMS-en du får frå oss. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no.

OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Ventetid

Ikke oppdatert ventetid for utredning

Ikke oppdatert ventetid for dagbehandling

Praktisk informasjon

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Måndag-sundag: 17.00-18.30

Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Publikumskantine finn du i underetasjen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 11.00-14.00. Det er stengt i helger og på heilagdagar.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. 
 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.