Behandling, (Katarakt)

Grå stær, operasjon

Ved grå stær (katarakt) har linsa i auge blitt uklar og fører til svekka syn. Den einaste form for behandling er operasjon. Under operasjonen blir linsa fjerna og erstatta med ei ny klar linse av kunststoff.

Grå stær vil gjøre synet tåkete over tid. Den eneste form for behandling er operasjon.

Grå stær (katarakt) fører til at linsen i øyet blir uklar og synet blir tåkete. Det kan sammenlignes med når en kameralinse blir ripet opp, da vil merkene vises på bildene. Katarakt påvirker vanligvis begge øynene, men kan ramme bare det ene øyet.

Katarakt rammer linsen som sitter inne i øyet, rett bak regnbuehinnen som omkranser pupillen.

Grå stær er vanlig, spesielt hos eldre. En tredjedel av alle over 65 år har katarakt. Vanligvis kommer grå stær med alderdommen, men noen ganger kan det skyldes andre årsaker, som øyeskade, diabetes eller langvarig bruk av øyedråper med kortison.

Les meir på helsenorge.no

Dersom auga elles er normalt, oppnår over 95% av pasientane vanlegvis normalt eller tilnærma normalt syn etter operasjonen. Om du har anna sjukdom i auge, vil det kunne avgrensa kor godt synet kan bli etter operasjonen.

Risikoen ved operasjon for grå stær er lav. Man kan risikera netthinneløsning, men netthinna kan som regel opererast på plass igjen slik at synet bevarast. En kan også risikera å bli heilt eller tilnærma blind på det opererte auga. Statistisk sett skjer dette sjeldnare enn ein promille. I nokre auge finst det kompliserande forhold, som aukar risikoen.




Før

Før du skal opererast skal du drypp auga dine med to ulike dropar. Du skal drypp med Spersadex med kloramfenikol 5 gonger om dagen og Nevanac 3 gonger dagleg. Dette skal du gjere 2 dagar før operasjonen og i 3 veker etter operasjonen. Før første operasjonen drypp du begge auga. Før andre operasjon drypp du bare det auge som ikkje er operert. Du treng ikkje drypp auga same dag som du skal til operasjon. Du skal ikkje bruke augedropar som inneheld pilokarpin på morgonen operasjonsdagen. Det er augelege på sjukehuset som skriv ut resept på augedropane.

Det er viktig at du dusjar, har på deg reine kler og ikkje bruker sminke. Skal du ha narkose, må du møte fastande.




Under

Augelegen operera under mikroskop. Dette gir eit sterkt lys, som kan opplevast litt ubehageleg i starten. Normalt venner man seg raskt til det sterke lyset.

Under operasjonen blir linsa i auge ditt fjerna. Kapselen eller hinna som ligg rundt den blir normalt bevart. Deretter får du ei ny klar linse av kunststoff, vanlegvis på same stad som di eiga linse var. Sjølve inngrepet tek cirka 30 minutt.  Men du må vere på sjukehuset i ca 2-3 timar.


Etter

Du skal byrje med dropar på det opererte auge 3 timar etter operasjonen. Når du drypp med ulike dropar er det lurt å gjere det med 10 minutt mellomrom slik at du ikkje skylje vekk den første dropen.

Etter operasjon får du eit skjold over auge. Det er viktig at du brukar skjoldet om natta den første veka etter operasjonen. Dette for å unngå å røre ved auga når du søv. Dette blir festa med tape eller plaster. Du bør unngå tunde løft den første tida etter operasjonen. Du skal unngå å få vatn og såpa i det nyopererte auga i 2 veker. Du kan i denne perioden bruke handdusj og dusje frå halsen og ned.





Kontakt

Haugesund sjukehus Øye

Kontakt Øye

Oppmøtestad

4. etasje ved Haugesund sjukehus.
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​