Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Øyeavdelinga

Øyeavdelinga tilbyr ulike diagnostiske undersøkingar og kirurgiske behandlingar innan augefaget. Med unntak av akutte skader, treng ein tilvising frå augespesialist eller fastlege for å få utgreiing hos oss. Spesialtilvisingar vil bli prioritert.

Vi har akuttberedskap heile døgnet. Pasientar som treng akuttbehandling må bli tilvist frå fastlege, legevakt eller optikar.   

Viktig informasjon til pasientar 

Dersom du får innkallingsbrev til time hos oss, ber vi deg lese dette nøye og i god tid før timen. Nokre undersøkingar krev at du må førebu deg før timen, for eksempel at du må slutte med medisin før inngrep. 

Innkallingsbrevet finn du når du loggar deg inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge 

Dersom du ikkje er forberedt til timen, vil vi måtte endre den og det kan bli lengre ventetid. 

Ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00 ved spørsmål om timar. Dei har opent kl. 07.30-15.30 måndag til fredag.  Om ein ikkje møter opp til avtalt time, og let vera å melda frå tidlegare enn 24 timar føre timen, får ein eit fråværsgebyr på 1612,- 

Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge 

Øyeavdelinga har ei venteliste for når vi sett opp timar. 

Sjå Ventetider for utredning og behandling - Helsenorge for oppdatert venteliste for dei ulike undersøkingane. Ventelistene blir oppdatert ein gong i månaden. 

Du vil få svar på undersøkingar frå ein av våre legar.  

Du kan også logge inn og sjå svar på utvalde prøver og undersøkingar frå sjukehus her: Prøvesvar - Helsenorge 

Du som er pasient ved eit av sjukehusa i Helse Fonna kan lese journalen din på nett. Når du har pasientjournalen din tilgjengeleg, blir det enklare for deg å ha oversikt over eiga helse. 

Pasientjournal - Helsenorge 

Treng du hjelp til transport, kan du ta kontakt med Pasientreiser som ordnar og legg til rette for transport for pasientar til og frå behandling ved behov. Du kan ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515. 

Pasientreiser - Helse Fonna HF 

Vi har fem overlegar og tre legar i spesialisering (LIS). Vi legg vekt på eit høgt fagleg nivå og har godt samarbeid med førstelinjetenesta og private aktørar. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag - Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag - Søndag STENGT

Poliklinikken er stengt i helger og heilagdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen, og gå til høgre når du kjem ut av heisen og følg gangen til ventesone 4C. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering