Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Hemoroider
Symptom på hemoroidar er som regel friskt, raudt blod frå endetarmen som kjem med avføring. Dei kan også gi kløe og litt ubehag, og ein sjeldan gong smerte. Tilstanden er svært vanleg og ufarleg. Oftast kan plagsame hemoroidar behandlast sjølv (eigenbehandling), mens andre gonger blir dei behandla av spesialisthelsetenesta. Akutte smerter i endetarmen utan samtidig øm hevelse (som ved trombosert hemoroide), kjem nesten alltid av ein akutt analfissur – og ikkje ein hemoroide.
Hemoroidar kan gi blødingar og smerter frå endetarmen etter toalettbesøk. Mange merkar ingen symptom, men har du plager, finst det behandlingar som kan hjelpe.
Hemoroidar er noko alle har, og det bidrar til at vi klarer å halde avføring inne. Vi skil mellom hemoroidar som ligg eit par cm inn i analkanalen (utgjer 90 prosent), og hemoroidar som ligg på utsida.
Indre hemoroidar
Dei indre hemoroidane kan blø. Dette er ofte det første, og einaste symptomet som kjenneteiknar dei. Nokon opplever også kløe, og litt slim. Av og til kan dei indre hemoroidane bli store, og dei kan sige nedover analopninga og komme ut. Dette skjer oftast i samband med tømming. Dei lèt seg oftast skyve på plass. Desse hemoroidane kan gi smerter/ubehag når dei er ute. Dei kan også gi litt lekkasje, kløe, slim og hygieneproblem. Huda rundt endetarm kan bli sår. Vi graderer dei indre hemoroidane frå 1–4.
Ytre hemoroidar
Dei ytre hemoroidane ligg berre på utsida. Dei er ikkje alltid så enkle å sjå dersom ein ikkje sit på eit toalett og presser. Desse hemoroidane gir mest plager i samband med tørking/hygiene og dei blør sjeldnare. Dei kan derimot gi hevelse og levra blod (trombosere). Dette gir intense smerter.
Eigabehandling av hemoroidar
Klassiske råd for å avgrense hemoroideplager er fiberrik diett, regelmessig mosjon og minst mogleg pressing ved toalettbesøk. Hemoroidesalver som inneheld svake steroid kombinerte med smertestillande, har ofte god symptomatisk effekt ved periodevise plager. Det finst også salver utan steroid. Midlar som mjukar avføringa gir symptomlindring, og kan førebygge nye hemoroidar. Alle med nyoppstått friskt blod frå endetarmen som ikkje har kjente hemoroideplager, bør undersøkast av lege for å utelukke anna årsak.
Ved akutte smerter i tromboserte ytre hemoroidar kan lege kontaktast akutt. Eit lite snitt i hemoroiden kan tømme det koagulerte blodet og gi smertelindring. Dette blir berre gjort dersom ein oppsøker lege dei første dagane. Smertestillande (tablettar og salve), kjølige omslag og ro kan også hjelpe. Dei ytre hemoroidane kan skrumpe saman og bli til små hudflikar, marisker.
Tilvising og vurdering
Pasientar (og mange legar) kallar gjerne alle anale symptom hemoroidar. Pasientar med usikker diagnose eller store plager bør tilvisast av fastlege til kirurg.
Alle tilvisingar bør innehalde:
aktuell sjukehistorie
relevante tidlegare og nåverande sjukdommar
kliniske funn
resultat av relevante tilleggsundersøkingar
oppdatert medikamentoversikt
(Ved bruk av malen «den gode tilvisinga» som er integrert i dei fleste elektroniske pasientjournalsystema, er ovannemnde punkt dekte).
Hugs
kontaktinformasjon til føresette ved tilvising av barn eller av pasientar utan samtykkekompetanse
Type plager? Ubehag eller smerter? Bløding? Tømmingsproblem, avføringsinkontinens, problem med reinhald?
Eventuelt gjennomført tidlegare behandling?
Konsekvensar – yrke, livskvalitet?
Kliniske funn
Beskriving av hemoroidegrad 1–4
Sest ikkje ved anal inspeksjon, heller ikkje ved press
Prolaberer ved press, blir reponert spontant
Prolaberer konstant, kan reponerast manuelt
Prolaberer og lèt seg ikkje reponere (incarcerert)
Rektal eksplorasjon – tumor, bløding?
Anoskopifunn
Tilleggsundersøkingar
Hb
eventuell rektoskopi
Utgreiing
Friskt blod i samband med avføring skal undersøkast nærare med kikkertundersøking i endetarmsopninga (anoskopi) og 15–20 cm opp i tarmen (rektoskopi). Om ikkje openberr blødingskjelde sest, må resten av tjukktarmen også undersøkast (koloskopi).
Smerter og svie/kløe ved avføring skal undersøkast på same måte.
Rektaleksplorasjon – fingerundersøking av endetarmen
Ved rektakeksplorasjon blir endetarmen undersøkt med ein finger, for å kjenne etter oppfylninger. Undersøkinga krev ikkje tømming.
Anoskopi – kikkertundersøking
Anoskopi er ei kikkertundersøking av endetarmsopninga og nokon cm innover. Undersøkinga krev sjeldan tømming.
Dersom kirurgen anbefaler strikkbehandling, kan dette gjerast samtidig med utgreiinga.
Behandling
Behandling av hemoroidar med strikk er ein velprøvd metode og eit godt val ved mindre, indre hemoroidar.
Legen vil sette inn eit anoskop, og ved hjelp av eit lite sug blir festa ein strikk rundt vevet like ovanfor hemoroiden. Dette gjer at blodforsyninga til hemoroiden ringast, og det blir danna arrforandringer lokalt. Dette vil som oftast redusere bløding frå hemoroiden, og gjer at han ikkje sig ned. Strikken vil falle av etter nokre dagar av seg sjølve, og det er vanleg å blø litt da. Undersøkinga kan gi noko ubehag hos nokon.
For større indre hemoroidar som sig ut (grad 3–4), og ytre hemoroidar, kan ein vurdere operasjon.
Det er vanlegvis ikkje behov for kontroll hos spesialist, men fastlege kan re-tilvise deg til spesialist dersom du har behov for ny strikkbehandling eller operasjon. Det viktigaste er å førebygge plagsame hemoroidar. Dette gjer du ved å halde avføringa passe mjuk (ikkje flytande), gå på toalettet når du kjenner trong, unngå å presse eller trykke, og ete fiberrik mat.
Ver merksam
Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan førekomme, spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset dersom blødinga ikkje stoppar.
Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:
Meld deg i ekspedisjonen ved hovudinngangen i 1. etasje når du kjem. Du kan betale i luka eller med Vipps.
Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.
Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand.
Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.
I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.
Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.
Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.
Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.
Reserverte parkeringsplassar
Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.
På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar.
Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.
Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.
Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La verdisaker vere igjen heime.
Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.
Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, krykker, rullator og rullestol.
God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.
Viss du fått beskjed om å ta blodprøvar, kan du gå til laboratoriet i underetasjen (U-etasje) på Odda sjukehus.
Opningstider: kvardagar kl. 09.00-14.00
Trekk kølapp når du kjem.
Nokre pasientar/pasientgrupper blir prioritert for blodprøvetaking og vi ber om forståing for det.
Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).
Opningstider
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30
Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det.
Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.
Slik gjer du:
1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett 2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk
Bruk av trådlaust nett er gratis.
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og hotell.
God surfing.
Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Næraste minibank ligg i Odda sentrum.
Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.
Sjukehusområdet er røykfritt.
Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.