Diagnose

Hemoroider

Symptom på hemoroidar er friskt raudt blod frå endetarmen i forbindelse med avføring, smerter ved avføring og endetarmskløe/-svie. Tilstanden er svært vanleg, ufarleg og gir som oftast milde symptom. Plagene kjem i periodar og kan variere mykje over tid. Ofte kan du behandle hemoroidar sjølv (eigenbehandling). Nokre gonger er det nødvendig med andre behandlingsmetodar (strikkbehandling) eller operasjon.

Hemoroidar kan gi blødingar og smerter frå endetarmen etter toalettbesøk. Mange merkar ingen symptom, men har du plager, finst det behandlingar som kan hjelpe.

Les meir på helsenorge.no

Inndeling av hemoroidar

  • Grad 1 blør berre, bukar ikkje ut og kan ikkje sjåast ved inspeksjon av endetarmen, men kan bli påvist ved kikkertundersøking
  • Grad 2 bukar ut når du pressar, men glir tilbake av seg sjølv
  • Grad 3 bukar ut konstant og må bli skyvd inn
  • Grad 4 bukar ut og lar seg ikkje skyve på plass (sjeldan tilstand).
Bløding er det hyppigaste symptomet ved hemoroidar grad 1 2. Utskiljing av slim, smerter, kløe, irritasjon og hygieneproblem er dei hyppigaste symptoma ved hemoroidar grad 3–4, men symptom kjem og går. Ved hemoroidar grad 4 kan det også bli lekkasjeproblem. 

Eigenbehandling av hemoroidar

Klassiske råd for å avgrense hemoroideplager er fiberrik diett, regelmessig mosjon og minst mogleg pressing ved toalettbesøk. Hemoroidesalver som inneheld svake steroid kombinert med smertestillande, har ofte god symptomatisk effekt ved periodevise plager. Middel som blautgjer avføringa, gir symptomlindring. Ved akutt, smertefull hevelse av hemoroide med levra blod (trombosert hemoroide) kan det bli nødvendig å lage eit snitt i hemoroiden, slik at blodlevrer blir tømt ut.

Når eigenbehandling er forsøkt og dette ikkje hjelper, kan ein vurdere ulike operasjonsmetodar som strikk, ligatur (ombinding) eller operasjon.

Tilvising og vurdering

Pasientar (og mange legar) kallar gjerne alle anale symptom hemoroidar. Pasientar med usikker diagnose eller betydelege plager bør bli tilvist av fastlege til kirurg.

Alle tilvisingar bør innehalde:      
      
  • Aktuell sjukehistorie
  • Relevante tidlegare og nåverande sjukdommar
  • Kliniske funn
  • Resultat av relevante tilleggsundersøkingar
  • Oppdatert medikamentoversikt
      
(Ved bruk av malen «den gode tilvising», som er integrert i dei fleste elektroniske pasientjournalsystema, er punkta over dekka)           

Hugs           
  • Kontaktinformasjon til føresette ved tilvising av barn eller pasientar utan samtykkekompetanse.
  • Eventuelt tolkebehov.
      
For meir informasjon og rettleiing om tilvisingar til spesialisthelsetenesta:  Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta, (helsedirektoratet.no).          

Aktuelt:     
      
  • Debut og varigheit? Utvikling, residiverande?
  • Type plager? Ubehag eller smerter? Bløding? Tømmingsproblem, avføringsinkontinens, problem med reinhald?
  • Eventuelt gjennomført tidlegare behandling?
  • Konsekvensar – yrke, livskvalitet?
      
Kliniske funn      

  • Beskriving av hemoroidegrad 1–4
    • - 1: Sjåast ikkje ved anal inspeksjon, heller ikkje ved press
    • - 2: Prolaberar ved press, reponerast spontant
    • - 3: Prolaberar konstant, kan reponerast manuelt
    • - 4: Prolaberar og lar seg ikkje reponere (incarcerert)
      
  • Rektal eksplorasjon – tumor, bløding?
  • Anoskopifunn
      
Tilleggsundersøkingar:            
  • Hb 
  • Eventuelt rektoskopi
      





      


      

Utredning

Friskt blod i forbindelse med avføring skal bli undersøkt nærmare med kikkertundersøking i endetarmsopninga (anoskopi) og 15–20 cm opp i tarmen (rektoskopi). Dersom ein ikkje ser openberr blødingskjelde, må resten av tjukktarmen også bli undersøkt (koloskopi). 

Smerter og svie/kløe ved avføring skal bli undersøkt på same måte. 

Rektaleksplorasjon – fingerundersøking av endetarmen

Ved rektaleksplorasjon blir endetarmen undersøkt med ein finger, for å kjenne etter oppfyllingar. Undersøkinga krev ikkje tømming.

Anoskopi – kikkertundersøking

Anoskopi er ei kikkertundersøking av endetarmsopninga og nokre cm innover. Undersøkinga krev sjeldan tømming.
Dersom kirurgen anbefaler strikkbehandling, kan dette bli gjort samtidig med utgreiinga. 

Behandling

Behandling av hemoroidar med strikk er ein velprøvd metode og eit godt val ved mindre hemoroidar. Ved større hemoroidar finst det fleire operasjonsmetodar.

Operasjonen kan bli gjort utan overnatting på sjukehuset og tar ca. 30 minutt.

 




      

Oppfølging

Du blir observert nokre timar etter narkosen. Du får mat og drikke. Vi sjekkar også at du har tissa etter operasjonen, før du kan reise heim.

Det er vanlegvis ikkje behov for spesiell kontroll. Dersom det er fleire og store hemoroidar, kan det vere behov for å gjenta prosedyren etter ei tid.  Det blir då avtalt kontroll på kirurgisk poliklinikk etter 6–8 veker i første omgang. Plagene til pasienten etter første operasjon/behandling er avgjerande for om nytt inngrep er nødvendig.

Etter operasjonen (alle metodar) er det viktig å unngå forstopping. Bruk av eit lett avføringsmiddel, for eksempel Visiblin, Movikol eller Parafin, er nødvendig til avføringa er komme greitt i gang utan behov for å trykke.

Smerter ved avføring er særleg uttalt etter tradisjonell operasjon. Ein må rekne med å bruke smertestillande tablettar i fleire dagar. Etter kvar avføring er det anbefalt å bruke handdusj for reingjering. Eventuelt kan eit mjukt toalettpapir med god sugeevne dyttast mot sårflata utan å gni. 

Litt frisk bløding i forbindelse med avføring dei første dagane etter operasjon er vanleg. Ved kraftig og vedvarande bløding må ein kontakte kirurg.

    

Ver merksam

Det er liten risiko for komplikasjonar, men alvorleg bløding kan førekomme, spesielt hos pasientar som bruker blodfortynnande medisinar. Ta kontakt med sjukehuset dersom blødinga ikkje stoppar.



Kontakt

Odda sjukehus Operasjon Odda

Kontakt Operasjon Odda

Oppmøtestad

Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.