Alle personar som har fått påvist hepatitt B-virusinfeksjon skal tilvisast til spesialist i infeksjonssjukdommar eller leversjukdommar.
Utgreiing består av vanleg klinisk undersøking, måling av leverstivleik med eit eige ultralydapparat og blodprøver. Vi vil da avgjere om du treng behandling for å redusere virusmengda og risikoen for oppblussing og komplikasjonar.
Korleis kan eg førebu meg?
Det kjem an på kva behandling du skal ha, interferon eller tablettar. Om du skal gjere eit forsøk med interferon bør du førebu deg litt ekstra, sidan behandlinga kan vere tøff, både fysisk og psykisk. Det viktigaste er å tilpasse tidspunktet for ein interferon-kur til jobb, skolegang, reiser, planar om graviditet og så vidare. Fastlegen bør også involverast sidan nokon kan trenge sjukmelding ein periode.
Tablettbehandling er enklare og treng mindre planlegging.