Hiv-behandling krev inga spesiell førebuing utover at du må innstille deg mentalt på å ta medisinar regelmessig livet ut. Regelmessig bruk er viktig for å unngå at viruset blir motstandsdyktig eller resistent mot medisinen.
Hiv-behandling
Hiv blir behandla ved å bruke tablettar som senkar virusnivået i kroppen. Målet er å redusere virusnivået ditt så mykje som mogleg, det vil seie til det ikkje er påviseleg i blodet (hiv-rna 0). Hiv-behandling er viktig både for å redusere smittegrada og for å unngå at du sjølv utviklar immunsvikt og hiv-relaterte sjukdommar. Om du ikkje tar medisinane regelmessig eller stoppar heilt, vil viruset komme tilbake i blodet. Du må derfor ta tablettane kvar einaste dag livet ut.
Alle hiv-positive i Noreg blir tilbode behandling så fort diagnosen er stilt og vi har fått litt oversikt over deg og livet ditt.
Målet med hiv-behandlinga er å bremse produksjonen til kroppen av virus så mykje som mogleg. Om ein lykkast med å få virusnivået i blodet ned, noko dei aller fleste lykkast med, vil immunforsvaret bli tilnærma normalt igjen. Faren for hiv-relaterte sjukdommar og plager vil da vere veldig små.
Medisinar som blir brukte til å redusere virusnivået ved ein virusinfeksjon, blir kalla antivirale medisinar. Desse medisinane heilar ikkje virussjukdommen, men bremsar utviklinga av den. For å redusere virusnivået ved ein hiv-infeksjon, blir det brukt ein kombinasjon av fleire ulike antivirale medisinar.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Om du ikkje tar medisinane regelmessig eller stoppar heilt, vil viruset komme tilbake i blodet. Du må derfor ta tablettane kvar einaste dag livet ut.
Forholdsreglar
Dei fleste med hiv-infeksjon står på behandling, har eit normalt immunforsvar og treng derfor ikkje å ta spesielle omsyn i kvardagen. For å vere best mogleg verna mot infeksjonar, er det lurt å ta imot vaksinar du får tilbod om.
Når du er i utlandet, er god handhygiene og vern mot myggstikk spesielt viktig. Det er også viktig at du varetar di eiga seksuelle helse på ein god måte. Lær deg detaljar om korleis syfilis, chlamydia og gonoré smittar, og korleis du kan verne deg mot å få det. Du bør også kjenne til kva symptom desse sjukdommane kan gi. Oppsøk lege så fort du får sår eller plagar som kan vere teikn på kjønnssjukdom.
Du kan også ha syfilis, klamydia eller gonoré utan å merke noko sjølv. Om du har eit aktivt seksualliv med fleire partnarar, bør du derfor teste deg jamleg (kvar 3.–6. månad), sjølv om du ikkje har plager. Vi sjekkar rutinemessig alle for syfilis og hepatitt B og C éin gong i året.
Om du ennå ikkje står på hivbehandling, er det spesielt viktig at du søker lege ved nyleg oppstått hudutslett, hudknutar eller synsforstyrringar. Det same gjeld langvarig feber, diaré, sår, belegg i svelget, tung pust eller uforklarleg vekttap. Dersom dette viser seg å vere AIDS er det heilt avgjerande at du kjem raskt i gang med behandling.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Medisinsk poliklinikk, Haugesund
Oppmøtestad
Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A.
Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund