Diagnosen blir stilt ved CT som gir detaljerte bilete av blødinga. Som regel vil ein sprøyte kontrast inn i ei blodåre på armen (CTA), som gir god framstilling av blodkar og sjølve aneurysmet.
Hjernehinnebløding frå aneurisme
Ei hjernehinnebløding er ei bløding frå blodkar som ligg i væskerommet mellom hjernehinnene. Den vanlegaste årsaka er at ei utposing (aneurisme) på ei pulsåre i hovudet sprekk. Hjernehinnebløding blir også kalla subaraknoidalblødning.
Kva er eit intrakranielt aneurysme?
Intrakranielt betyr innanfor hovudskallen. Eit intrakranielt aneurysme er ei utposing på ein av pulsårane av hjernen og finst hos 1 – 2 prosent av befolkninga. Ein veit ikkje sikkert kvifor eit aneurysme oppstår, men førekomsten er høgare hos kvinner, røykarar og hos personar med langvarig forhøgd blodtrykk. Førekomsten aukar med alderen, såleis har 10 prosent av 70-åringar og 20 prosent av 80-åringar eit aneurysme, men dei færraste aneurysmer sprekk. Intrakranielle aneurysmer førekjem som regel hos enkeltpersonar, utan andre tilfelle i slekta.
Symptom på hjernehinnebløding
Symptoma kjem brått, oftast utan forvarsel.
Dei fleste opplever
- lynaktig, veldig kraftig hovudverk.
- kvalme, brekkingar.
- kjensle av at nakken blir stiv.
- i nokre tilfelle følger bevisstheitstap og/eller kramper.
Hjernehinnebløding kan vere ein livstruande tilstand.
Kliniske studiar
2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Direkte eller gradvis avslutning av drenasje av hjernevæske
- Fysiske, kognitive og emosjonelle endringer etter hjernehinneblødning
Utgreiing
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Ta raskt kontakt med lege om du får akutt forverring av hovudverk, redusert bevisstheit eller aukande fysiske eller kognitive utfordringar etter behandlinga. Dette kan vere teikn på forverring eller auka hjernetrykk.
Vanlege symptom etter utskriving frå sjukehus
-
Vanskar med å bevege delar av kroppen.
-
Språkforstyrringar, slik som vanskar med å finne ord og vanskar med å forstå det som blir sagt, kan førekomme.
-
Synsforstyrringar kan også førekomme. Om desse held fram, blir det anbefalt undersøking hos augelege.
-
Hovudverk, trøyttleik, døsigheit og redusert energinivå er vanleg i forløpet etter blødinga og minkar som regel over tid.
-
Det er ikkje uvanleg å vere desorientert eller forvirra og ha stort søvnbehov i ein periode, og ha redusert eller manglande minne for perioden på sjukehuset.
-
Nokon opplever redusert initiativ, tiltakslyst, minne, konsentrasjon, finmotorisk funksjon og søvnvanskar.
-
Etter kvart slit mange med kjenslemessige reaksjonar slik som depresjon og frustrasjon, og ein kan kjenne seg «annleis» og einsam. Det kan også skje endringar i relasjonar med familien og venner.
-
Sårsmerter rundt operasjonsområdet er vanleg. I somme tilfelle kjem ikkje kjensla for berøring i det opererte område fullstendig tilbake. Nokon kan også oppleve brennande smerter eller kribling i arr området.
-
Forstopping kan oppstå som følge av sterke smertestillande medisinar og inaktivitet. Middel mot forstopping bør brukast i samråd med lege.
Mindre vanlege symptom etter bløding
- Nokre får isjias (korsryggsmerter med utstråling på baksida av låra) på grunn av manglande aktivitet og kan ha behov for behandling hos fysioterapeut.
- Smerter i kjeven kan finnast, oftast på den opererte sida, og oppstår når ein opnar opp munnen ved eting eller tannpuss. Det blir tilrådd trening av kjeven ved å opne opp munnen/gape så mykje ein kan (inntil smertegrense) og lukke igjen minst 5 gonger dagleg. Dersom smertene ikkje minkar over 6 veker, er det tilrådd å ta kontakt med fastlege.
- Høyrselsnedsetjing eller lydoverfølsømhet kan oppstå og vare i fleire veker. Dette går som regel spontant over og det er ikkje behov for tiltak.
- Hårtap kan oppstå som biverknad til medisinar som blei brukte etter blødinga, stråling i samband med røntgenundersøkingar eller stress. Det er ikkje grunn til bekymring, håret veks ut igjen.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Nevrologisk avdeling
Oppmøtestad
Nevrologisk sengepost
Vi held til i 5. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen kiosken for å kome til oss.
Nevrologisk poliklinikk
Vi held til i 6. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved Narvesen for å kome til oss.

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

