Cerebral Blood Flow

Hjernescintigrafi – nukleærmedisinsk undersøking av hjernen

Denne undersøkinga viser blodgjennomstrøyminga i hjernen. Undersøkinga blir gjerne brukt som ein del av utgreiinga for demenssjukdommar. Vi nyttar eit sporstoff merkt med ei lita mengd radioaktivitet for å kunne seie noko om blodgjennomstrøyminga i hjernen. Deretter tek eit såkalla gammakamera eller ein SPECT/CT-bilete av hovudet.

Før

  • Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, der blir det oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga.
  • Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.
  • Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
  • Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga.
  • Du kan ete og ta medisinane dine som vanleg.

Under

Du vil først få sett inn ein kanyle i ei blodåre i armen. Du skal så liggje og kvile med auga lukka i eit mørkt og stille rom i 15 minutt før du får eit stoff som gjer det mogleg å avbilde hjernen. Dette stoffet skal så verke i minst 5–10 minutt før vi tek bileta.

Du ligg på ryggen på ein undersøkingsbenk i cirka 30 minutt medan bileta blir tekne, og det er viktig at du ligg heilt roleg. Gammakameraet kjem nært hovudet for å få gode bilete.

Stoffet gir ingen spesielle biverknader eller ubehag.

Etter

Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Det tek nokre timar før den vesle mengda radioaktivitet er ute av kroppen din.

Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svar på undersøkinga kjem til legen som har tilvist deg.

Kontakt