Under dei forberedande undersøkingane før operasjonen vil du møte kirurgen som skal operere deg, som vil informere deg om kva som skal bli gjort, kva resultat du kan forvente av operasjonen, og om potensielle komplikasjonar knytt til operasjonen og bedøvinga.
Like før, under og etter operasjonen vil du få antibiotika for å førebygge infeksjon.
Etter operasjon
Når operasjonen er ferdig, blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokre timar mens bedøvinga går ut. Etterpå blir du flytt til sengepost.
Det er svært viktig at du kjem deg raskt på beina etter proteseoperasjonar. Fysioterapeutar vil instruere deg og hjelpe deg i gang, men eigeninnsats og motivasjon er viktig. Dersom du kjem deg raskt på beina, er faren for komplikasjonar som infeksjonar og blodpropp mindre, og rask mobilisering er viktig for det opererte leddet. Du vil bli behandla med smertestillande medikament slik at dette skal la seg gjere.
Det vil variere frå pasient til pasient kva restriksjonar ein får etter operasjonar. Nokre får belaste fullt frå første dag, mens andre må avlaste det opererte beinet i større eller mindre grad i eit antal veker opp mot 3 månader. Dei fleste får visse restriksjonar på bevegelsar i proteseleddet.
Kor lenge du må vere på sjukehuset, blir vurdert individuelt og kan variere frå 2 til 7 dagar.
Komplikasjonar
Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar.
- Infeksjon: Vi gjer vårt beste for å førebygge infeksjon, men dette kan likevel førekomme hos ein liten andel av pasientane.
- Blodpropp kan førekomme. Du kan redusere risikoen ved å vere mykje i aktivitet samt å bruke dei føreskrivne blodfortynnande medikamenta.
- Nerveskade kan førekomme under inngrepet.
- Det nye proteseleddet kan gå ut av ledd, men dette hender sjeldan. Instruksjonar du får på forskjellige bevegelsar, er meint å forhindre dette, så det er viktig at du følger desse. Skulle protesen likevel gå ut av ledd, er dette svært smertefullt. Du vil då bli innlagt på sjukehus, og protesen blir sett på plass igjen.