Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Høgt stoffskifte

Høgt stoffskifte (hypertyreose) skuldast overproduksjon av hormonene thyroksin og triiodthyronin.  Desse hormona kontrollerer stoffskiftet.

Høyt stoffskifte skyldes for høy produksjon av hormoner i skjoldbruskkjertelen. Dette fører til at alle cellene i kroppen går på "høygir". Behandlingen tar sikte mot å normalisere stoffskiftet, fjerne plagene og behandle sykdommen i skjoldbruskkjertelen.

Les meir på helsenorge.no

Målet med behandlinga er å normalisere stoffskiftet, anten ved hjelp av medisinar, radiojod eller operasjon.

Tilvising og vurdering

Nokre pasientar bør visast til hormonspesialist (endokrinolog). Dette blir gjort av fastlegen. Viss det ikkje er spesielt alvorlege symptom, kan det ta noko tid før du kjem til utgreiing eller behandling. Graviditet, augeproblem eller kraftige symptom/svært høge hormonnivå gjer at ein skal komme til raskt.

Tilvisinga må innehalde opplysningar om: 

  • grad av hypetyreose
  • andre sjukdommar, spesielt hjartesjukdom eller risiko for hjartesjukdom
  • graviditet
  • fertilitetsproblem
  • undersøking av skjoldbruskkjertelen

Utredning

Fastlegen din tar blodprøvar som måler stoffskiftehormon og andre stoff som kan seie noko om årsaka til at du har høgt stoffskifte.

Viss det blir funne knutar i skjoldbruskkjertelen, blir du vist til ultralydsundersøking og det vil bli vurdert behov for å ta prøve frå knuten (såkalla finnålspunksjonscytologi).

Scintigrafi av skjoldbruskkjertelen kan vere aktuelt for å avklare årsak til sjukdomen. Undersøkinga inneber å sprøyte små mengder radioakitvt stoff inn i blodet og ta bilder av skjoldbrukskjertelen. Undersøkinga skal ikkje gjerast ved graviditet.


Behandling

Det er tre moglege behandlingar; medisinar, radiojod eller kirurgi. Du vil få informasjon frå legen om kva behandling som er aktuell for deg.

Medisinar:  Reduserer produksjonen av stoffskiftehormon i skjoldbrukskjertelen. Betring av symptoma skjer som regel innan 2-3 veker. Vanlegvis vil ein forsøke å avslutte behandlinga etter 12-18 månadar. Blodprøvar og storleiken på skjoldbrukskjertelen vil seie noko om sjukdomsaktiviteten og dermed noko om tidspunkt for å forsøke å slutte med medisinar. 30-50 % av pasientane vil ikkje ha noko tilbakefall. Etter avslutta medikamentell behandling, bør blodprøvar kontrollerast etter 4-6 veker, og deretter med tre månedars intervall det første året, samt ved symptom på oppblussing av sjukdomen.

Dersom det er teikn til ny sjukdomsaktivitet, kan behandling med radiojod eller operasjon vurderast.

Radiojod: Pasienten får ein tablett som inneheld radioaktivt jod. Stoffet samlar seg i skjoldbrukskjertelen, der strålinga vil få vev til å skrumpe inn. Behandlinga er anbefalt for pasientar med lite struma (liten forstørringe av skjoldbruskkjertelen og ukomplisert hyperthyreose). Behandlinga skal ikkje gis til gravide, eller kvinner som planlegg å bli gravidedei første seks månadane etter behandlinga.

Kirurgi: Operasjon for å fjerne skjoldbrukskjertelen, vanlegvis heile. Denne behandlinga er å føretrekke for pasientar som har teikn til utståande auger som følge av for høgt stoffskifte eller stor forstørring av skjoldbruskkjertelen. Pasienten bør ha normalt stoffskifte før operasjonen og blir derfor først behandla med medisinar.  Etter operasjonen treng pasienten vanlegvis behandling med stoffskiftehormon (tyroksin) resten av livet. For å sikre rett dosering, blir blodprøvane kontrollerte med 4-6 vekers mellomrom til rett dose funne.

Oppfølging

Oppfølginga er avhengig av kva behandling du får.

Pasientar som får medikamentell behandling må vere merksame på følgjande:

  • Ved infeksjon og feber må du ta kontakt med lege for kontroll av kvite blodlekamar. Det kan vere aktuelt med behandlingspause til svaret er klart.
  • Unngå soleksponering.
  • Unngå uttalt fysisk belastning så lenge du har symptom på høgt stoffskifte.
  • Høgt stoffskifte kan gjere at du tåler mindre alkolhol.

Kontakt

Haugesund sjukehus Haugesund sjukehus

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​