Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilpassing av høyreapparat

Eit høyreapparat er eit teknisk hjelpemiddel som kan hjelpe deg å høyre betre. Høyreapparatet kan ikkje erstatte normal høyrsel, men om det er godt tilpassa kan det gi ein betre kvardag.

I forkant av denne timen har du vore til vurdering for høyreapparat. Då får du informasjon om ulike typar høyreapparat, og i samråd med audiograf kan du velje kva variant du skal få.

NAV har avtalar med ulike leverandørar av høyreapparat, og høyrselssentralen har tilgang på dei same høyreapparata som private aktørar. NAV dekkjer høyreapparat inntil ein gitt sum. Somme apparat vil derfor ha ein eigendel. Du vil få informasjon om eigendel dersom det er aktuelt.

Høyreapparat – nav.no

Før

Før du kjem til den første timen, kan det kan vere lurt å tenkje over din eigen situasjon når det gjeld høyrsel.

  • Er du motivert for å få høyreapparat eller anna høyrselsteknisk hjelpemiddel dersom det viser seg at du høyrer dårleg?
  • I kva situasjonar kjenner du at du slit med å høyre?
  • Kva forventningar har du?

Du må gjerne spørje familie eller venner om dei har lagt merke til endringar i høyrselen din.

I samarbeid med audiografen skal du finne ut korleis høyreapparata kan justerast for å få maksimalt utbytte av dei. Du skal også lære deg korleis du skal ta vare på dei.

For å klare overgangen til å bli høyreapparatbrukar, er det ein fordel at du er motivert for å bruke dei og har kunnskap om korleis dei fungerer.

Under

Ved ditt første møte på øyre-, nase-, halsavdelinga vil du møte audiograf og eventuelt lege som utfører måling av høyrselen og undersøker øyrane dine. Deretter vil behovet for høyreapparat bli vurdert.

Tilpassing av høyreapparat

Audiografen tilpassar høyreapparatet basert på høyrselstestane. Først kan lyden verke sterk og påtrengande. Spesielt kan eigen stemme verke framand eller ubehageleg. Nokre synest lyden er metallisk.

Det er viktig at du set ord på opplevinga du har av den nye lyden. Eventuelt ubehag kan takast bort ved å justere lyden, men det handlar i aller størst grad om tilvenning. Hjernen din treng tid til å venne seg til det nye lydbiletet.

Du kan vere ein av dei som ikkje kjenner noko slags ubehag, eller du kan trenge litt tid. Om du blir sliten av lyden frå høyreapparata kan det vere positivt, på lik linje med at ein blir sliten av annan type trening. Erfaringane dine vil fortelje deg når det er lurt å ta ein pause.

Hugs at audiografen treng tilbakemeldingar frå deg for å kunne gi deg råd og rettleiing.

Du får nødvendig informasjon om bruk og stell av apparatet. For ein førstegongsbrukar dukkar det ofte opp mange spørsmål. Ta gjerne med deg ein pårørande som kan hjelpe deg å hugse informasjonen du får.

Kor lang tid tek behandlinga/undersøkinga?

Kor lang tid det tek, vil variere. Ta kontakt med avdelinga for informasjon om timen din.

Etter

Den første tida med nytt høyreapparat

Det er viktig å bruke prøveperioden godt. Bruk høyreapparata så mykje som mogleg og i ulike situasjonar. Noter deg dei erfaringane som du får. Merk at du ikkje skal bruke høyreapparata om dei gjer vondt.

Mange som tek i bruk høyreapparat blir overraska over kor mange lydar dei høyrer. Kvardagslydar som ein kanskje ikkje har høyrt på lenge. Slike lydar kan verke forstyrrande, spesielt når det er vanskeleg å høyre kva folk seier. Då er det viktig å vite at slike lydar er spesielt viktig å høyre for ein med svekt høyrsel. Dei bidreg til å vekkje tankar og kjensler ein utan høyreapparata vil gå glipp av. Tankar og kjensler bidreg til auka hjerneaktivitet, noko som er viktig for hjernehelsa di. Det er ein viktig del av tilvenninga å bli trygg og van med alle lydane som er rundt oss.

Kontroll og oppfølging

Du blir følgt opp med høyreapparatkontrollar hos audiograf i utprøvingsperioden. Fortel audiografen om erfaringane dine på kontrolltimen. Kor mange kontrollar du treng, er avhengig av korleis utprøvingsperioden går

Om du får problem med høyreapparata etter tildeling eller treng justering, må du ringe og bestille time på høyrselssentralen. 

Har du fått høyreapparat hos ein privat audiograf eller avtalespesialist, må du kontakte denne spesialisten for servicetime. 
 
Nav dekker utgifter til nye høyreapparat kvart sjette år. Audiografen din hjelper deg med søknad og vidare prosess. 

Det er ditt ansvar å forsikre høyreapparat. 

Ver merksam

Om det oppstår problem under utprøving, ta kontakt med oss. Vi vil prøve å hjelpe deg, anten med forslag til å løyse problemet, eller med ein framskunda time.

Sist faglig oppdatert 09.09.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals
Ventetid: 52 uker

Ventetid: 52 uker

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64

5416 Stord

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10

5750 Odda

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

52 uker til utredning