Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innlegging eller skifte av stent i urinleiar

Dersom du har eit trongt område i urinleiaren, kan dette hindre at urinen passerer frå nyra til urinblæra. Det kan blokkast opp innvendig med eit kateter eller ein ballong ført opp gjennom urinrøyret. Ein stent, eit innvendig plastrøyr, vil sikre at urinen renn frå nyrene til urinblæra.

Før

Heile inngrepet skjer med kikkertteknikk kalla cystoskopi. Vi fører eit tynt røyr gjennom urinrøyret og opp i urinblæra ved hjelp av røntgengjennomlysing.

Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.

Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Det får du i så fall beskjed om.

For å førebygge infeksjon, må du dusje på operasjonsdagen. Menn må trekke forhuda tilbake for god reingjering. Vask navle, hender og føter godt. Ikkje barber operasjonsområdet. Området må vere fritt for sår og kviser. Ta av smykke, ringar og piercingar heime. Fjern naglelakk.

Under

Inngrepet blir gjort i lett narkose, det vil seie at du søv under operasjonen. Ein stent (eit innvendig plastrøyr) blir ført opp gjennom urinleiaren og blir liggande for å sikre avløp frå nyra til urinblæra. Under operasjonen vil du få innlagt eit blærekateter som blir fjerna same dag. Operasjonen tar under ein time.

Etter

Etter operasjonen blir du flytta til ei observasjonsseng. Du får servert mat og drikke, og det er viktig at du kjem deg på beina så fort som mogleg. Opphaldet varer berre nokre få timar. Du kan ikkje køyre bil etter eit inngrep i narkose. Gjer derfor avtale med nokon som kan hente deg, eller du kan eventuelt reise med kollektivtransport.

Etter at du har reist heim

Urinen kan vere litt blodig i starten. Dette er vanleg og vil minke etter kvart, men kan komme tilbake. Det er derfor viktig å drikke rikeleg, éin til to liter i døgnet, slik at du har god gjennomskylling i urinvegane. Nokon vil oppleve at stenten forårsakar svie eller smerter ved vasslating.

Forskyving av stenten kan skje, og det kan bli nødvendig å hente den ut med eit spesialinstrument.

Oppfølging/etterkontroll

Stenten skal vanlegvis fjernast eller skiftast etter nokre veker eller månader. Dersom du berre skal ha stenten(e) ein periode, avtaler du ein time på urologisk poliklinikk for å fjerne han. Det blir gjort ved ein enkel cystoskopi i lokalbedøving.

Ver merksam

Infeksjon etter operasjon kan finnast, med symptom som feber, smerter og endring i vasslating. Opplever du desse symptoma må du oppsøke fastlege for å ta urinprøve og eventuelt få antibiotikabehandling. Gjer legen merksam på at du er nyoperert, og at det er normalt å ha blod i urinen etter dette.

Sist faglig oppdatert 05.05.2022

Kontakt

Haugesund sjukehus Urologisk avdeling

Kontakt Urologisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn Urologisk poliklinikk i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Vi er samlokalisert med kirurgisk poliklinikk. Ta kontakt med ekspedisjonen vår når du kjem.

Meld at du er komen via SMS-en du har fått, eller på automaten ved hovudinngangen til sjukehuset. 

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.