Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Insulinpumpeopplæring for barn og unge

Opplæring for deg som har diabetes type 1 som blir behandla med insulinpumpe.

Kurset går over tre dagar og gir opplæring til deg og foreldra dine/føresette.

Dette er eit praktisk kurs som gir deg den kunnskapen du treng for å kunne nytte ei insulinpumpe. Her møter du erfarne fagpersonar frå sjukehuset, og oftast andre barn og unge med same sjukdom som deg. Me legg opp til dialog, erfaringsutveksling, undervisning og rettleiing. Målet er at du skal ha god kunnskap om behandlinga di slik at du er i stand til å ta gode behandlingsval i kvardagen.

Dokker må ha med matpakke og drikka for alle 3 dagane.

Pårørande får opplærings-/pleiepengar ved behov.

Kursdagane går vanlegvis frå kl. 09.00 til kl. 14.00 kvar dag.

Før

Du og foreldra dine/føresette er kjent med kva insulinpumpe du skal ha. Vi ønskjer at dokker skal møte førebudd til kurset, så hent informasjon om den aktuelle insulinpumpa på nett. Dei ulike produktleverandørane har eigne sider.

Ved all deling av blodsukkermålingar med sjukehuset er det viktig at personidentifiserbare data ikkje blir brukte. Når du lastar ned målingar til datamaskina må du opprette eit brukarnamn og passord som sjukehuset treng for å finne målingane igjen. Hugs derfor å velge brukarnamn og passord som er trygt å gi frå deg. Det må ikkje vere eit passord du bruker i t.d. nettbank eller liknande.

Under

Dag 1: Gjennomgang av teori. Alder til barnet og modnad må vurderast i forhald til om dei skal vere med: Barn under 7 år kan vere i barnehage eller på skule. Barn over 7 år kan vere med dersom foreldra tenkjer at dei er klar for å ta del i pumpebehandlinga og kan følge med på teoridelen. Barn over 10 år skal vere med.

Dag 2: Viktig: Ikkje ta langtidsinsulin om morgonen. Dersom langtidsinsulinet berre blir gitt éin gong for dagen (på kveld/ettermiddag) så kan dosen halverast dagen før. Pumpene blir leverte ut og blir starta opp. Me går gjennom bruk av pumpe i kvardagen, med praktiske tips og råd.

Dag 3: Me går gjennom endringar på innstillingar ved behov, øving og sjølvstendig byte av insulin i pumpa. Evt. oppstart av sensor dersom det er aktuelt.

Etter

Du vil få vidare oppfølging på poliklinikken.

Sist faglig oppdatert 30.08.2023

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund