Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intravenøs behandling med zoledronsyre

Zoledronsyre (Zoledronic Acid 5 mg/100 ml®, Aclasta®, Zoledronsyre SUN®) er ein medisin som blir gitt inn i blodet. Zoledronsyre styrker skjelettet og bremsar vidare beintap, og risikoen for beinbrot blir redusert. Behandlinga kan bli gitt hos fastlege, privatpraktiserande spesialistar, andre legesenter eller på sjukehus.

Før

Før timen bestiller vi blodprøver som du skal ta før infusjonen. Dette er for å vite korleis nyrefunksjonen din er og om du har tilstrekkeleg mengd kalsium og D-vitamin i blodet.
 
Aclasta kan påverke nyrefunksjonen, så det er viktig at du drikk godt i først: to–tre glas vatn meir enn vanleg. Dette gjeld anten du skal ha din første, andre eller tredje infusjon med Aclasta. For å førebygge moglege biverknader bør du sørge for å ha Paracet i huset (sjå biverknader og komplikasjonar under). 

 

Under

Du får ein perifer venekanyle, vanlegvis i ei olbogevene. Medisinen blir gitt som ein infusjon av 100 ml væske. Du sit i ein stol eller ligg mens infusjonen går føre seg. 

Gjer det vondt? 

Du vil kjenne eit stikk i armen når det bli lagt inn ein perifer venekanyle, elles vil du ikkje merke noko. 

Kor lenge varer behandlinga? 

Det heile vil ta om lag 1,5 til 1 time. Sjølve infusjonen tar minst 15 minutt.  

Etter

Du kan reise heim etter infusjonen.

Kontrolloppfølging 

Kor ofte du skal bli følgt opp, avheng av kor alvorleg osteoporosen er, og kor mange brot du har hatt. Nokre blir følgt opp årleg, andre annakvart år, og nokre kvart tredje år. Det blir vurdert i kvart enkelt tilfelle ut frå blodprøver og beintettleiksmåling. 

Ofte stilte spørsmål 

Om eg skulle reagere på medisinen, når vil eg merke det? 

Det vanlegaste er at reaksjonen kan komme om kvelden den dagen du har fått behandling, om natta eller dagen etter. Det er sjeldan biverknadene varer utover tre–fire dagar. 

Ver merksam

Biverknader av zoledronsyre er vanlegast ved første gongs infusjon. Derfor anbefaler vi at du tar Paracet (2 tablettar på 500 mg) 3 gonger dagleg i 3 dagar etter infusjonen. Dette for å førebygge biverknader som influensaliknande symptom i form av muskel‐ og leddsmerter, hovudverk eller feber. Skulle du likevel oppleve å få desse biverknadene, og dei varer utover 4 dagar, ta kontakt med behandlingsstaden direkte. 
  
Personar under 65 år er noko meir utsett for biverknader med feber og influensaliknande symptom eller magesmerter. Pasientane kan etter første gongs infusjon eventuelt bli utstyrt med Prednisolon 20 mg tablettar som blir tatt som 3 doser med 12 timars mellomrom, dersom symptoma oppstår. 




Sist faglig oppdatert 19.08.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Kontakt Medisinsk poliklinikk, Haugesund

Oppmøtestad

Vi held til på Haugesund sjukehus. Ta heisen ved resepsjonen opp til 5. etasje. Hold høgre når du går ut av heisen. Gå til ventesone 5A. 

Vi ber deg vente i ventesonen til du får tildelt behandlingsrom.  

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.