Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kalorisk prøve

Kalorisk prøve blir gjort for å undersøke funksjonen i buegangane og balansenerva i det indre øyret.

Under prøven blir øyregangen varma opp eller kjølt ned ved hjelp av vatn eller luft. Dette utløyser væskestraum i buegangane i det indre øyret og kan gi svimmelheit og spesielle bevegelsar i auget (nystagmus). Desse augebevegelsane kan målast og resultatet kan seie noko om det er skade eller sjukdom i det indre øyret.

Før

  • Viss du bruker medisin mot svimmhelheit, må du ikkje ta desse same dagen som du skal til undersøking.
  • Viss du bruker medisinar, ta med oppdatert medisinliste (oversikt over medisinane dine).
  • Undersøkinga kan gi forbigåande kvalme. Det er derfor ikkje lurt å ete rett før undersøkinga.
  • Viss du er plaga med øyrevoks, bør du få dette fjerna før du kjem til undersøking. Dette kan du gjere hos lege. Mykje voks kan gi feilaktige resultat.
  • Dersom du treng følgje til undersøkinga, for eksempel grunna store plager med svimmelheit eller dårleg balanse, bør du diskutere dette med fastlegen din før undersøkinga.

Under

Du kan få på deg videobriller som måler augebevegelsane dine.

Stimulering med vatn eller luft blir gjort på begge sider, i 30-45 sekund på kvart øyre. Deretter observerer vi ufrivillige augebevegelsar (nystagmus).

Det er vanleg med eit par minutt av forbigåande svimmelheit. Denne reaksjonen varierer frå person til person.

Etter

Resultata blir tolka av lege.

Du kan vere i aktivitet som vanleg etter undersøkinga.

Ver merksam

Undersøkinga kan medføre forbigåande kvalme og svimmelheit. Smerter i øyret under stimuleringa er uvanleg, men kan skje.

Sist faglig oppdatert 09.06.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Øre-nese-hals

Kontakt Øre-nese-hals

Oppmøtestad

Haugesund: ØNH-avdelinga og høyrselsentralen held til i 1. etasje ved Haugesund sjukehus. Bruk hovudinngangen og gå forbi resepsjonen og sjukehusapoteket. Du finn oss i enden av korridoren.

Stord: Høyrselsentralen ligg i 1. etasje i den kvite bygningen ved sida av hovudbygget til Stord sjukehus.

Odda: ØNH-poliklinikken ligg i 1. etasje på Odda sjukehus. Poliklinikken har eige venterom.

Ved tilpassing av høyreapparat, anbefaler vi at pasienten har med seg følge/pårørande. 

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Ordinære besøkstider (visittider) er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Sjå retningslinjer for besøk

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Haugesund

  • Måndag til onsdag kl. 07.30 - 14.15
  • Torsdag kl. 07.30 - 16.30.
  • Fredag kl. 07.30 - 13.00.

Oppmøtestad: Haugesund sjukehus.

Telefon: 52 73 22 81.  

Blodbanken Haugesund

Stord

Måndag til fredag kl. 08.30 - 15.00. 

Oppmøtestad: Stord sjukehus.

Telefon: 53 49 10 90.  

Blodbanken Stord

Odda

Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00. 

Oppmøtestad: Odda sjukehus.

Telefon: 91 24 59 96 / 53 65 11 23.  

Blodbanken Odda

Sauda

Vi har ein tappestasjon i Sauda. Kontakt oss på telefon: 52 73 22 81.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.