Det er alltid ein lege som skal vurdere mor og tilstanden til barnet og avgjere om det er medisinsk grunn for å utføre keisarsnitt. Legen vurderer også om den helsemessige gevinsten kan vere større ved å utføre keisarsnittet enn ved å gå gjennom ein vanleg fødsel. Det blir alltid tatt omsyn til ønsket til kvinna i denne vurderinga.
Keisarsnitt
Keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep. Samanlikna med ein normal fødsel, er det høgare risiko for komplikasjonar hos både mor og barn ved keisarsnitt. Derfor skal keisarsnitt berre utførast når det er heilt nødvendig og det er medisinsk årsak som ligg bak avgjerda om å utføre inngrepet.
I Noreg skal det ligge føre ei medisinsk årsak for å gjennomføre eit planlagt keisarsnitt. Medisinske årsaker inkluderer også psykiske lidingar.
Tilvising og vurdering
Om du er gravid og har spørsmål om den kommande fødselen din, må du snakke med jordmor/lege som følger deg opp i svangerskapet. Dei kan gi deg svar på spørsmåla dine og eventuelt tilvise deg til sjukehuset der du skal føde, for å planlegge fødselen.
Før
Under
Planlagt keisarsnitt
Om det blir bestemt at du skal ha keisarsnitt, blir barnet fødd litt før termin – termindato bestemt på ultralyd i veke 18. Dato for når keisarsnittet skal bli utført, blir bestemt i løpet av siste del av svangerskapet, alt etter kva som er årsaka til operasjonen.
Når datoen for keisarsnitt er bestemt, får du informasjon om når du skal møte på sjukehuset, førebuingar du må gjere i forkant av operasjonen og levereglar i tida etter operasjonen. Det er vanleg at du møter på sjukehuset dagen før eller nokre dagar før operasjonen for å ta blodprøver, snakke med fødselslege, anestesilege og jordmor. Etter dette kan nokon dra heim og komme tilbake til sjukehuset om morgonen operasjonsdagen – mens andre blir på sjukehuset fram til operasjonsdagen.
Bedøving
Ved planlagt keisarsnitt er det vanlegaste at du får epidural- eller spinalbedøving. Vi gir bedøvinga på operasjonsstua. Du kan da vere vaken under operasjonen, men ser ikkje kva legane gjer og kjenner inga smerte. Du får høyre det første skriket til barnet, får sjå og om mogleg halde barnet like etter det er fødd. Følgespersonen din får også vere med under operasjonen og får oppleve dette saman med deg.
Når barnet er født
Med det same barnet er fødd, blir det tørka og lagt på brystet ditt, dersom du og barnet er i form til det. Fysisk hudkontakt like etter fødselen kan vere viktig for å etablere amming og tilknyting. Partnar kan også bidra med hudkontakt dersom du ikkje er i form til dette.
Akutt keisarsnitt
Om det oppstår komplikasjonar under fødselen, vil det kunne bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein fødselslege som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.
Om din eller barnets situasjon er slik at inngrepet må skje med éin gong, er rask handling viktig. Det gjer at informasjonen du får under det akutte keisarsnittet ikkje alltid vil vere komplett. Du får da ein samtale etter operasjonen der du får informasjon og forklaring på kva som skjedde og kvifor.
Bedøving
Når akutt keisarsnitt er bestemt, blir du så raskt som mogleg køyrd i seng til operasjonsstua. Anestesilege og fødselslege bestemmer kva bedøving du skal ha. Du er vaken under operasjonen, og følgespersonen din kan som oftast vere med.
Om du må få narkose, kan det ikkje vere andre enn helsepersonell til stades på operasjonsstua. Da vil følgespersonen din måtte vente på fødeavdelinga. Det tar kort tid frå operasjonen startar til barnet er fødd. Heile operasjonen kan ta cirka 30–60 minutt. Om barnet ikkje treng ekstra oppfølging etter operasjonen, kan følgesperson ha barnet hos seg til operasjonen er over.
Etter
Etter operasjonen blir du flytta til postoperativ avdeling. Kor lenge du må vere på postoperativ avdeling avheng av årsaka til keisarsnittet og tilstanden din. Her blir du overvakt fram til tilstanden din er stabil og du kan flytte til barselavdelinga.
Etter eit keisarsnitt vil du trenge meir hjelp og tid til å komme deg i form. Oppfølging på barselavdelinga blir gitt ut frå dine og barnets behov. Kor lenge du må bli på sjukehuset kan variere, vanlegvis nokre dagar.
Ver merksam
Som ved alle operasjonar er det ein risiko for komplikasjonar etter eit keisarsnitt. Dei vanlegaste komplikasjonane er bløding, infeksjonar og problem med vasslatinga. Etter at du har reist frå sjukehuset, må du oppsøke lege om du får teikn på infeksjon eller føler at du ikkje greier å tømme blæra skikkeleg.

