Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kjønnsinkongruens - utgreiing og medisinsk behandling av barn og unge under 18 år

Kjønnsinkongruens er ein medisinsk diagnose som beskriv ein situasjon der ein persons kjønnsidentitet ikkje samsvarer med registrert kjønn ved fødsel, det som i medisinen blir kalla biologisk kjønn. Ein del av dei med kjønnsinkongruens har også kjønnsdysfori, som er eit klart ubehag knytt til manglande samsvar mellom fødselskjønn og kjønnsidentitet.

Sjekkliste for tilvising - regionale sentrum viser til utgreiing

NBTK barn og unge har eigne etablerte tilvisingskriterium i samsvar med forskrift- og rettleiar for nasjonale behandlingstenester i spesialisthelsetenesta.

Følgjande utgreiing av barnet/ungdommen er ønskeleg før tilvising til Teamet for kjønnsidentitetsutredningar av barn og unge (KID-teamet):  

  • Utviklingsanamnese inklusive familieforhold og opplysningar om den somatiske statusen, inkluderte BMI og  pubertetsstadiet til pasienten.  Det er vanleg å bruke Tanners stadium som deler inn pubertetsutviklinga. Sjå link til Helsebibliotekets sider om normal pubertet: https://www.helsebiblioteket.no/pediatriveiledere?key=144406&menuitemkeylev1=5962&menuitemkeylev2=5964 
  • ASEBA (barn/ungdom, føresette, lærer)
  • Semistrukturert intervju (Kiddie-SADS, CAS)
  • Utgreiing av kognitiv funksjon om aktuelt (WISC, pedagogisk utgreiing eventuelt andre observasjonar)
  • Utgreiing med tanke på sosialt samspel og autismespekterliding. Forsking viser overhyppigheit av autismespekterlidingar hos pasientar med kjønnsinkongruens (opp mot 30 %). Det er derfor viktig å screene for dette. Det finst ikkje mange screeningsverktøy som er pålitelege nok, men vi kan tilrå desse frå «Retningslinje for utgreiing av ASD i Helse Sør-Øst".
  • Rus-screening der det er mistanke om pågåande misbruk.
  • Utforsking av kjønnsidentitet, kropp og seksualitet er svært viktig og heilt nødvendig FØR ei tilvising til NBTK barn og unge. Tema som er nyttig og utforske er ulike kjønnsidentitetsvariasjonar som finst, kroppsleg kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsroller, seksualitet generelt, forholdet til kropp og pubertetsutviklinga, utvikling av kjønnsidentitet (pasienten kan gjerne skrive ned si eiga historie), relasjonar til jamaldra og familie.

Under følger punkt som bør dekkast i ei slik utforsking:

Kartlegging av kjønnsidentitet/dysfori

Kjønnsidentitet/dysfori i barndommen og ungdomstid:  

  • Klesstil: Kjønnsuttrykk; klede, hår, farge, stil
  • Rolleleikar/fantasileikar
  • Preferanse for leikar, aktivitetar, leiketøy
  • Leikekameratar/sosialt samspel
  • Ønske om å tilhøyre eit anna kjønn
  • Misliker sin eigen kjønnsanatomi/ønske om å ha nokre andre kjønnssærdrag
  • Tankar ang. puberteten/utviklinga vidare
  • Liding/dysfori:
  • Mobbing/kjensle å vere annleis
  • Traume
  • Tissa sittande/ståande

Puberteten:

  • Alder/oppstart pubertet
  • Menarke (hos jentefødde)? Auka hyppigheit av ufrivillige ereksjonar (hos gutefødde) – spesielt om natta og tidleg om morgonen? Ufrivillig sæduttømming på natta? Korleis opplever den unge desse vanlege endringane i puberteten?
  • Kroppsdysfori/kjønnsdysfori (inkl., forhold til kropp: gå på do, dusje, hygiene, sjå seg sjølv naken i spegelen, vere naken med andre)
  • Psykiske vanskar i samband med puberteten
  • Sosial situasjon/fungering med jamaldra/ sosialt samspel
  • Mobbing/ kjensle å vere annleis
  • Traume

Pasientens historie ang. utvikling av kjønnsidentitet:

  • Kjønnsidentitet som barn/peripubertal/postpubertal- utvikling
  • Kjønnsdysfori/inkongruens
  • Korleis fann pasienten ut at det er mogleg å endre kjønn/ få kjønnsbekreftande behandling/alder/omstende
  • Korleis har prosessen med å komme ut vore? (når kom den unge ut, til kven, kulturelle aspekt/ religion)
  • Kontakt med andre i same situasjon/kontakt med brukarorganisasjonar og foreiningar/ skeivt miljø (andre som definerer seg/ lever som lesbiske, homofile, skeive, trans, akseuelle, ikkje- binære etc.)
  • SRLE (Social Real Life Experience/ Sosial verkelegheitserfaring i opplevd kjønn (funksjonsauke etterpå eller vart det verre?)
  • Tiltrekking seksuelt og romantisk
  • Seksuell erfaring (sjølvstimulering/onani og med andre?). Gjerne normaliser dette som ein normal, sunn og fin måte å bli kjend med sin eigen kropp og seksualitet

Ønske/forventninger til KID-teamet:

  • Ønske om pubertetsblokkere
  • Ønske om kjønnsbekreftande hormonell behandling (testosteron eller østrogen)
  • Ønske om mastektomi (maskulinisering av brystkassa)
  • Ønske om gentialkirurgi
  • Ønske om hysterektomi og/eller ooforektomi? Informert om bioteknologilova?
  • Forventningar til kva kjønnsbekreftande behandling skal ha av betydning for/ endre i den unges liv og kva for nokre fysiske endringar som er forventa

Komparentopplysningar som blir innhenta frå føresette

Kjønnsidentitet/dysfori i barndommen/ tidlege teikn?

  • Klesstil
  • Generelt åtferdsuttrykk («gutejente»/ «feminin gut»)
  • Rolleleikar/fantasileikar
  • Preferansar for leikar, aktivitetar, leiketøy
  • Leikekameratar/ sosialt samspel
  • Uttrykt ønske å tilhøyre noko anna kjønn
  • Uttrykt mistrivsel med sin eigen kjønnsanatomi/ønske om å ha nokre andre kjønnssærdrag
  • Uttrykt angst /tankar ang. puberteten/ utviklinga vidare
  • Liding/dysfori
  • Mobbing/kjensle å vere annleis
  • Traume

Puberteten:

  • Alder
  • Uttrykt kroppsdysfori/ kjønnsdysfori
  • Psykiske vanskar i samband med puberteten
  • Endring i åtferd, humør før/ under/ etter pubertet?
  • Sosial situasjon/fungering med jamaldra/ sosialt samspel
  • Mobbing/ uttrykt kjensle av å vere annleis
  • Traume

Komme ut-prosessen:

  • Prosessen i samband med å komme ut (når, til kven, kulturelle aspekt/ religion)
  • SRLE (funksjonsauke etterpå eller forverring?)
  • Reaksjonar frå familien, søsken
  • Sosial støtte

Ønske/forventingar til KID-teamet

Egen nedskriven skildring av oppleving av kjønnsidentitet i barndom, pubertet og ungdomstid skal leggast ved tilvisinga;  

  • Når starta pasienten å merke at noko var annleis?
  • Når oppstod ubehag knytt til det å oppleve seg sjølv som annleis og når forstod den unge kva dette betydde?
  • Kven fortalde pasienten det til først?
  • Korleis var det å komme inn i puberteten?
  • Korleis opplever pasienten eventuell kjønnsdysfori; start, kva forverrar/gjer det enklare?
  • Korleis fann pasienten ut at det var mogleg å få kjønnsbekreftande behandling?
  • Korleis var pasienten sin prosess med å komme ut?
  • Kva tankar har pasienten om framtida som det å leve som mann/kvinne eller noko midt i mellom (ikkje- binær identitet, ev. trans), eventuelle utfordringar?
  • Kva kjem til å bli lettare/betre med kjønnsbekreftende behandling?
  • Kva tankar har pasienten om ev. å skulle komme til å angre på kjønnsbekreftande behandling, og kvar vil pasienten i så fall hente støtte?   

Send aktuelle dokument med tilvisinga for å sikre ei god vurdering og forkorte utgreiingsprosessen. Søknadene blir vurderte fortløpande og det blir gitt raskt beskjed viss søknaden ikkje blir teken imot.

Tilvising og vurdering

Behandling

Oppfølging

Kontakt

BUP Haugesund BUP Helse Fonna

Kontakt BUP Helse Fonna

Oppmøtestad

BUP Haugesund

Poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10. Poliklinikken ligg i 1. etasje, hovudinngang mot vest. Ved oppmøte, meld deg i ekspedisjonen.

Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Meieriet), 3.etasje.

Parkering Haugesund: Det er ikkje mogleg å parkere utanfor BUP Haugesund i Vinjesgate. Vi tilbyr parkering i parkeringshuset ved Haugesund sjukehus, men ver ute i god tid, da det kan vere vanskeleg å finne ledig parkering.

BUP Stord

Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus. Meld deg i ekspedisjonen ved oppmøte.

Lokasjon Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5 (underetasje)

Lokasjon Odda: Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 8, 5750 Odda (1. etasje).

En bygning med plen og gangvei

BUP Haugesund

Vinjes gate 10

5532 Haugesund

BUP Stord

Tysevegen 64

5416 Stord

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

​Vi oppfordrer besøkande på BUP Haugesund i Vinjesgate om å vere ute i god tid. Det kan vere utfordrande å finne ledig parkering. 

Det er dessverre ikkje mogleg å parkere utanfor BUP i Vinjesgate. Du kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Du betaler på p-automatane, anten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 2 ladestasjonar. Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis.

 

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift.
 
Det er innført skiltgjenkjenningssystem på Stord sjukehus. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring. 
 
​Pris for å parkere er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.
 
Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.