Behandling
Kneprotese, revisjon
Første gong ein set inn ei kneprotese kallast det ei primær kneprotese. Kneprotese er aktuelt for personar med slitasje og skader i kne. Målet med kneproteseoperasjon er å lindre smerter og bedre funksjonen i kneet. 90 prosent av kneproteser held i 10 år. Dersom ein kneprotese ikkje lenger fungerer tilfredsstillande kan det vere aktuelt å skifte protesen. Dette kan gjerast ved å bytte heile protesen eller deler av den. Ein slik protesebytteoperasjon, også omtala som revisjonsoperasjon, er naturleg nok meir omfattande enn den første (primære) proteseoperasjonen.
Teikn som kan tyde på at protesen må bytast ut, kan vere aukande smerter og/eller hevelse i kne, som ikkje har vore tidligare, følelsen av at kneet er ustabilt eller sviktar når du går.
Årsaker til dette kan vere, mekanisk løysning, iInfeksjon i ledd, beinbrot, manglande stabilitet, slitasje av ein eller fleire delar, havari av implantatet/protesa.
Tilvising og vurdering
Dersom du har knesmerter bør du i første omgang gå til fastlege, som vil undersøke det smertefulle området. Dersom det er indikasjon for det, vert du tilvist til røntgen. Om røntgenbilder viser forandring i kneprotesa eller leddet vert du tilvist ortopedisk poliklinikk.
Før
Kirurgen som planlegg operasjonen informerer deg om behandlingsforløp, opptrening etter operasjonen og forventa resultat. Han vil og informere om eventuelle komplikasjonar som kan skje i høve med operasjonen.
Når operasjonsdatoen er bestemt skal du ta kontakt med fysioterapeut for å planlegge opptrening etter at du er komen heim. Du må legge tilhøva til rette i heimen din og evnentuellt rekvirere naudsynte hjelpemidlar gjennom hjelpemiddelsentralen i den kommunen du bur i.
Blodprøver og andre undersøkingar blir gjennomførd. Din allmenne helsetilstand blir undersøkt.
Under
På operasjonsavdelinga blir du tatt i mot av operasjonssjukepleiar og anestesisjukepleiar. Du vil bli flytta over i operasjonsseng og anestesilegen gir deg bedøving. Den vanlegaste bedøvinga ved revisjon av protese er ryggbedøving. Der ryggbedøving ikkje kan nyttast kan det vere aktuelt å gi narkose. Det blir og sett smertelindring i form av spøryter i sjølve leddet under operasjonen.
Etter
Etter operasjonen vil du køyrt til oppvakingsavdelinga. Det er naudsynt med god smertelindring. Dette får du i form av smertestillande medikament, smerteplaster eller også såkalla smertekateter i rygg eller lyske.
Du vil bli køyrt til sengeposten etter 2-4 timar. Etter operasjonen må du ta blodfortynnande medisinar. Dette for å redusere risikoen for blodpropp. Denne blir gjeven anten som ei sprøyte i mageskinnet eller som tablett, vanlegvis for eit tidsrom på 2-6 veker.
Av og til må du bruke kompresjonsbandasje på foten 2-4 dagar etter operasjonen, dette avklarast på sjukehuset.
Fysioterapeut sjekkar aktivt mobiliteten og vil gå gjennom søvingar med deg. Det er viktig med fysioterapi for å vedlikehalde mobilitet i leddet. Du vil få rettleiing av fysioterapeut angåande eigentrening. Lengda på sjukehusopphaldet varierer vanlegvis mellom 2 og 7 dagar.
Når du kjem heim
Du får med deg resept på nødvendig smertestillande og betennelsesdempande medisin. Du får og resept på blodfortynnande tablettar eller sprøyter.
Dersom sjukemelding er nødvendig vil dette avtalast med utskrivande lege.
Etter operasjonen kan det opererte kneet som regel belastast fullt. Du vil likevel ha trong for krykker den første tida for stabiliteten si skuld. Bilkøyring bør du vente med til du ikkje lenger er avhengig av krykker og foten kjennast sterk nok. Du skal heller ikkje køyre bil så lenge du brukar medisinar med rød varseltrekant på.
Vanlegvis vert du kalla inn til poliklinisk kontroll etter 3 mnd.
Ver merksam
Dersom du skulle oppleve feber, få aukande smerter/hevelse eller rødme i operasjonskneet er det viktig å ta umiddelbar kontakt med lege for vurdering.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Ortopedi, Haugesund
Oppmøtestad
1. etasjeHaugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund