Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kreft i spiserør og magesekk

Kvart år oppdagar vi rundt 350 nye tilfelle av kreft i matrøyret, mens rundt 500 blir diagnostisert med kreft i magesekken. Det er flest menn som får desse krefttypane.

Det vanlegaste symptomet på kreft i matrøyret er vanskar med å svelge, og det bør føre til at du raskt får undersøking hos lege.
 
Kreft i magesekken kan gi variable symptom. Eit viktig symptom er blod i avføringa. Det bør også raskt føre til undersøking. Ofte må då både tjukktarmen og magesekken undersøkjast. Magesmerter, kvalme og vekttap kan vere andre symptom.
 
 

Tilvising og vurdering

Ved grunngitt mistanke om kreft i matrøyret eller magesekken blir du tilvist til utgreiing i eit pakkeforløp for kreft.

Det kan ta inntil åtte kalenderdagar frå sjukehuset mottar tilvisinga til du møter på sjukehuset første gong. Det kan ta inntil 21 kalenderdagar frå du møter på sjukehuset første gong til utgreiinga di er ferdig. Det kan ta inntil 14 kalenderdagar frå utgreiinga på sjukehuset er ferdig til du får strålebehandling, medikamentell behandling og kirurgisk behandling.

Diagnoserettleiar – kreft i spiserør og magesekk

Grunngiven mistanke om kreft i matrøyr eller magesekk oppstår når du har eitt eller fleire av følgjande symptom:

  • vanskar eller smerter med å svelge, med meir enn to vekers varigheit
  • vedvarande brekningar utan annan forklaring
  • nyoppstått dyspepsi eller reflukssymptom hos pasientar over 45 år
  • gastrointestinal bløding
  • nyoppstått oppfylling i abdomen
Ved mindre uttalte symptom på kreft i matrøyr og magesekk kan pasienten tilvisast til øvre endoskopi som ledd i filterfunksjon, gjerne hos praktiserande spesialist/avtalespesialist.
 
Ved grunngiven mistanke om kreft, basert på symptom eller funn ved øvre endoskopi, blir pasienten tilvist til Pakkeforløp for kreft i matrøyr og magesekk.
    

Tilvising til pakkeforløp

Tilvisinga blir merkt «Pakkeforløp for kreft i matrøyr og magesekk». Det skal komme tydeleg fram kva som utløyser grunngitt mistanke om kreft, og dessutan at det        
skal bli lagt ved eventuelt biopsisvar.    

Kommunikasjon       

Fastlege eller annan tilvisande instans skal ved tilvising til pakkeforløp informere pasienten om:                        
  • den grunngivne mistanken om kreft i matrøyr eller magesekk
  • kva tilvising til pakkeforløp inneber
       

Utgreiing

Ved mistanke om kreft i matrøyr og magesekken blir du oftast tilvist til eit lokalsjukehus for endoskopi, som er ei kameraundersøking av matrøyr og magesekken. Ved mistenkelege funn tar vi vevsprøver, og dersom prøva viser celleforandringar, blir du som regel tilvist til eit universitetssjukehus.
 
Det neste leddet i utgreiinga er alltid CT-undersøking av lungene og buken.
 

Dersom du skal bli operert for kreft i matrøyret, kan det også bli gjort ein PET-scan, som er ei undersøking der radioaktive sukkermolekyl blir sprøytt inn i blodet. Fordi mange typar kreftceller tar opp sukkermolekyl meir enn andre celler, vil kreftsvulstar «lyse opp» på røntgen. Ved svulstar i matrøyret vil ein nokre gonger også gjere ei innvendig ultralydundersøking via endoskopi. 
 

Den kirurgiske behandlinga av kreft i matrøyret og magesekken er omfattande, og både allmenntilstand og andre sjukdommar må bli vurdert og eventuelt greidd ut før behandlinga startar opp.
 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Hvis du har kreft, planlegger vi nå hvilken behandling som er best for deg. Beslutning om din behandling tar vi i samråd med deg, vanligvis basert på vurdering i et tverrfaglig team-møte.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Behandling av kreft i magesekken

Dei fleste pasientane vil få fjerna heile eller delar av magesekken kirurgisk, avhengig av kvar svulsten sit. Inngrepet kan bli gjort som open kirurgi eller med kikkholsteknikk. Er du yngre enn 75 år, vil du som regel få fire cellegiftkurar før og fire kurar etter operasjonen. Nokre gonger blir det også tilrådd cellegift sjølv om du er over 75 år.
 
Dersom du på grunn av alder eller annan sjukdom ikkje skal ha cellegiftbehandling, blir det berre tilrådd operasjon åleine. Det same gjeld dersom svulsten er overflatisk. Dersom svulsten er i eit tidleg stadium, sit overflatisk eller er veldig liten, kan han ofte bli fjerna ved hjelp av eit endoskop, som blir ført inn gjennom munnhola og ned til svulsten (endoskopi).
 
Du må rekne med eit sjukehusopphald på omtrent ei veke etter fjerning av heile eller delar av magesekken med kirurgi.
 
Dersom ein svulst ikkje kan fjernast, er cellegift ei mogleg behandling.
 
Cellegift som blir gitt mot svulstar i magesekken, kan vere ei betydeleg påkjenning for kroppen. Ein må vurdere om du vil tole behandlinga, og om du vil ha nytte av den, sett i samband med belastinga du vil oppleve.
 

Behandling av kreft i matrøyret

Behandling av kreft i matrøyret med tanke på at du skal bli frisk, er som regel ein kombinasjon av cellegift, eventuell stråling og deretter operasjon. Grunnen til dette er at sjølv små svulstar i matrøyret spreier seg tidleg til lymfeknutar i nærleiken. Det skjer derfor unntaksvis at vi opererer pasientane utan forbehandling. Nokre overflatiske svulstar kan bli behandla med det vi kallar ein endoskopisk reseksjon.
 
Både forbehandlinga, med cellegift og stråling, og operasjonen er ei betydeleg belastning. Alderen og allmenntilstanden din og eventuelle andre sjukdommar du har, må bli nøye vurdert før ei slik behandling blir sett i gang.  Behandlinga er først og fremst ei belastning for lungene, og pasientar som røyker, bør slutte minimum åtte veker før operasjonen. Som regel blir lungefunksjonen undersøkt før operasjonen.
 
Ved operasjonen blir magesekken losna i buken, og ein lagar eit røyr av den. Ein går også inn i høgre side av brystkassen og fjernar store delar av matrøyret og lymfeknutar rundt matrøyret. Magesekkrøyret blir så kopla til resten av matrøyret. Inngrepet kan bli gjort både med kikkholsteknikk og som open operasjon.
 
Dersom du ikkje kan bli operert fordi svulsten er for omfattande, kan vi i nokre tilfelle gi endå kraftigare strålebehandling og cellegiftbehandling, dersom du har god allmenntilstand. Dette kan gi betre langtidsoverleving.
 
Hos mange vil verken operasjon eller omfattande cellegiftbehandling eller stråling vere mogleg, på grunn av alder og allmenntilstand. Då vil innlegging av ein såkalla stent (ein sylinder) for å opne matrøyret vere ei mogleg behandling. Ein annan moglegheit er kortvarig strålebehandling.
 
Dersom du ikkje kan bli operert fordi sjukdommen har spreidd seg, vil ofte cellegift vere det vi kan tilby.
 
 

Lindrande behandling

Mange pasientar med livstruande sjukdom vil ha behov for lindrande behandling. Ein vil kunne få lindring ved behandling med ulike typar medikament, samtaler og praktisk bistand frå ulike helsearbeidarar.
 







 

Oppfølging

I tråd med nasjonale og internasjonale retningslinjer vil du vanlegvis ikkje bli kalla inn til regelmessig kontroll for å sjå om kreftsjukdommen har komme tilbake. Derimot vil du bli følgt opp med omsyn til etefunksjonen din.
 
Vi ser ofte at kroppen tilpassar seg den nye situasjonen over 8–12 veker etter behandlinga. Etter dette skal du ikkje trenge noko ernæringstilskot. Dei som får fjerna magesekken, vil vanlegvis trenge tilskot av vitamin B12 nokre gonger i året.
Blir du operert for kreft i matrøyret, vil skøyten mellom matrøyr og magesekken ha ein tendens til arrdanning. Dersom du har vanskeleg for å svelge, kan denne skøyten bli blokka ut med eit endoskop. 
 
Røyret som er laga av magesekken, tømmer seg ofte dårlegare enn ein vanleg magesekk. Dette kan du merke ved at du blir oppfylt i brystet og plaga med sure oppstøyt. Nokre gonger kan dette bli betra ved at vi tøyer lukkemuskelen ved utløpet av magesekken med ein ballong.

Ernæring og kosthald etter operasjonen

Dersom du har fått fjerna heile eller delar av magesekken, må du ete mindre og oftare enn vanleg, som regel 5–6 gonger i døgnet. Likevel vil vekta bli liggande omtrent 10 kilo under det som var utgangspunktet før sjukdommen.
 
Generelle kostreglar for dei som har fått behandling for kreft i matrøyret, og dei som har fått behandling for kreft i magesekken, er å skilje vått frå tørt. Det vil seie at du ikkje skal skylje ned det du et med store mengder væske.
 
Sidan maten passerer noko raskare gjennom fordøyelsen etter behandlinga, anbefaler vi at du er forsiktig med sukker og feittrik mat. Grove karbohydrat og protein er å føretrekke.
 
Du får oppfølging om ernæring i ei tid etter behandlinga. Kor lang tid du må bli følgt opp, blir vurdert individuelt. Det er uansett viktig at du får følgt opp fordøyelsesvanskar etter desse inngrepa.
Sist faglig oppdatert 23.02.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastrokirurgisk avdeling

Kontakt Gastrokirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Gastrokirurgisk poliklinikk hald til i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.