Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lungebiopsi med CT-veiledning

For å få vevsprøve frå lungesvulstar som ligg lengre ut i lungene enn vi kan sjå via undersøking med bronkoskop, kan det ofte være nødvendig med vevsprøve tatt gjennom brystveggen, under rettleiing av CT-maskin eller ultralyd.

Tilvising og vurdering

Tilvisingar til CT-rettleia lungebiopsi er vurdert av både lungelege og røntgenlege før behandlinga.

Før

Dersom du bruker blodfortynnande medisin må du gje beskjed om dette på førehand. I dei fleste tilfelle er det uproblematisk å slutte med Albyl-E, mens Marevan og andre medisinar i enkelte tilfelle må bli erstatta av sprøyter med Klexane i ei veke før vevsprøve.

Det er svært viktig at du gjer beskjed om bruk av blodfortynnande medisinar, så ikkje undersøkinga blir utsatt. 
 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Under

Under biopsien blir det tatt vevsprøver av lungene under nøyaktig rettleiing av ein CT-maskin, som er betjena av radiologar. Du får lokalbedøving og eventuelt beroligande midler. Heile prosedyren tar omtrent ein halv time.

Etter

Etter prøvetaking blir du kjørt i ei seng tilbake til avdelinga, fortsatt fastande, inntil vi har tatt eit kontrollbilete (røntgen av brystet) etter rundt to timar. Dette gjør vi for å se om det har oppstått komplikasjonar, for eksempel bløding eller punktering av lunge.

Dersom kontrollbiletet som blir tatt etter vevsprøva er i orden kan du ete og reise heim same dag.

Du vil bli kontakta når prøvesvaret er klart og får informasjon om eventuell utgreiing eller behandling på sjukehuset.

Ver merksam

Hvis du opplever at du blir tungpusta, eller at du får blodig oppspytt, må du kontakte lege.

Sist faglig oppdatert 14.02.2024

Kontakt

  • Kontakt Radiologisk avdeling

    Oppmøtestad

    Radiologi Haugesund

    Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus 

    Radiologi Stord

    Du finn oss i 1. etasje på Stord sjukehus

    Radiologi Odda

    Du finn oss i 2. etasje på Odda sjukehus

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64

    5416 Stord

    En bygning med et fjell i bakgrunnen

    Odda sjukehus

    Sjukehusvegen 10

    5750 Odda

    Praktisk informasjon

    1-2 timar før timen din får du SMS med informasjon om registrering, ventesone og betaling på sjukehuset.

    Når du kjem kan du registrere deg via lenka du ha fått i tekstmeldinga, eller på automaten i resepsjonen ved hovudinngangen.

    Etter timen kan du velje å betale via automat, Vipps, efaktura eller i resepsjonen.

    Innkallinga til timen finn du alltid på helsenorge.no

  • Kontakt Lunge poliklinikk

    Oppmøtestad

    Vi har felles ekspedisjonsluke med hjertepoliklinikken i 2. etasje. Dersom du tar heisen ved resepsjonen i 1. etasje, finn du luka vår i korridoren til høgre når du kjem ut av heisen.

    Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

    En høy vinkel av en bygning

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Eigendel

    Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

    Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

    Frikort

    Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

    Frikort for helsetjenester - Helsenorge

    Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

    helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har tre ladeuttak.

    Reserverte parkeringsplassar

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Parkeringsavgift

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Parkering i Haugesund sentrum

    Sjå P-kart - Haugesund Parkering