Det er viktig å førebu barnet eller ungdommen på korleis målinga skal utførast.
Lungefunksjonsmåling (PEF) hos barn og unge
Dette er ein enkel pusteprøve som måler den raskaste utpusten barnet eller ungdommen kan klare. Målinga skjer ved hjelp av eit enkelt lite pusteapparat (PEF-målar), og blir brukt til å diagnostisere eller kontrollere sjukdommar i lunger og luftvegar. PEF står for peak expiratory flow, som betyr maksimal utandingsfart. PEF blir målt i liter per minutt.
Før
Under
PEF-målinga kan gjerast heime. Målet er å få eit inntrykk av lungefunksjonen over tid.
Legen vil forklare korleis de skal forhalde dykk ved ulike resultat av PEF-målinga.
Slik bruker du apparatet
- Stå oppreist, sett visaren på 0, og pust roleg inn i munnstykket så mykje du klarer.
- Blås ut så raskt og kraftig som mogleg.
- Skriv ned den beste verdien av tre forsøk i eit skjema.
Etter
Resultata frå målingane blir gått gjennom med legen på neste kontrolltime.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Barn og ungdom poliklinikk
Oppmøtestad
Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.
Besøkstider
- I dag 17:00 - 18:30

Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund