Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lungekreft

Det finst to hovudtypar av lungekreft: ikkje-småcella og småcella. Inndelinga og valg av behandling er basert på utsjånaden og vekstmønsteret svulstane.

Tilvising og vurdering

Når lege har grunngitt mistanke om kreft, blir du vist til pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, plassering av ansvar og konkrete forløpstider.

Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)

Utgreiing

Ansvaret for utgreiing og behandling av lungekreft er eit samarbeid mellom fleire klinikkar og avdelingar. I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje, og eventuelt kva type kreft du har.

Som regel tar vi først ein CT-røntgen av lunger, lever og binyrer. Ved mistanke om kreft gjer vi ofte ein bronkoskopi, ei undersøking der dei sentrale luftvegane (luftrøyret og bronkiar) blir undersøkte ved hjelp av ein bevegeleg slange med kamera festa i tuppen. Under ein bronkoskopi kan vi også ta ei vevsprøve av eventuelle svulstar. Andre undersøkingar kan også vere aktuelle på dette tidspunktet.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne stille ein diagnose og avklare om du har kreft eller ikkje. Om du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.

Andre undersøkingar

Dersom det skulle vise seg at du har lungekreft, jobbar vi vidare med å:

  • finne ut kva type lungekreft du har
  • avklare kor utbreidd kreftsjukdommen er og om den har spreidd seg til andre stader i kroppen
  • avklare den generelle helsetilstanden din
  • gi ei tilråding om behandling

 

Etter undersøkingane kan du gå tilbake til normal aktivitet og du kan vere i arbeid om du ønsker det.

Sjukmelding

Det er vanlegvis ikkje behov for sjukmelding i etterkant av undersøkingane, men nokon kan vere reduserte av andre grunnar. Snakk med legen din om du ikkje kjenner deg i stand til å jobbe.

Nokre dagar etter undersøkingane vil du få ein ny time ved lungeavdelinga for informasjon om diagnose og behandling. I mellomtida har legane gjort ei tverrfagleg vurdering av tilstanden din og komme fram til ei tilråding om kva behandling som passar for deg.

Det kan vere vanskeleg å få med seg all informasjonen som blir gitt, og huske å spørje om alt du lurer på. Det er derfor ein fordel om du tar med ein pårørande eller ein du kjenner, til dette møtet.

 

​​​Pakkeforløp heim​

Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.

Pakkeforløp heim for kreft (helsenorge.no)​

Behandling

Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

​Les meir om samval på helsenorge.no​​

Det er tre hovudtypar behandling mot lungekreft: Kirurgi (operasjon), strålebehandling eller medikamentell behandling. Behandlinga blir gitt enten aleine eller i ulike kombinasjonar, i samsvar med nasjonalt handlingsprogram.

Når du, saman med behandlarane dine, har vedtatt kva behandling som passar best for deg, får du utfyllande informasjon om behandlinga, kva førebuingar som blir anbefalte, moglege biverknader og tida etter behandling. Du har høve til å ta med deg pårørande når du får informasjonen.

Medikamentell kreftbehandling

Medikamentell kreftbehandling har til hensikt å gje best mogeleg sjukdomskontroll. Noken gangar blir det gitt som tilleggsbehandling (for eksempel etter kirurgi), noken gangar samtidig med annan behandling (for eksempel strålebehandling), og noke gangar som hovedbehandling.

Tradisjonelt har dette blitt kalla «cellegift», men dei siste åra har det komme mange andre typar behandling som gjer mykje betre sjukdomskontroll og ofte mildare biverknadar enn cellegift. Mange av dei nye typane behandling blir omtala som «immunterapi».

Lindrande behandling

Ved langtkommen kreft der sjukdommen ikkje kan heilast, er  det ei rekke moglegheiter for både livsforlengande behandling og tiltak som kan førebygge og lindre symptom/plager. Ein del pasientar med kreft som har spreidd seg, kan leve godt i lang tid, og nokon døyr av heilt andre årsaker.

Oppfølging

Om du er operert for lungekreft, vil du bli innkalla til kontroll fire til seks veker etter operasjonen. Innan den tid vil det også vere klart om vi anbefaler tilleggsbehandling. Ved kontrollane blir du undersøkt av lege, og vi tar ofte CT-undersøking på førehand.

Du vil gå til vekefaste kontrollar hos lege eller sjukepleiar gjennom strålebehandlingsperioden for å fange opp eventuelle biverknader. Toleransen for strålebehandling varierer veldig frå person til person, og det er viktig at du tar kontakt med avdelinga dersom du opplever ubehag under eller etter behandlinga. Nokre biverknader kan forverrast dei første dagane og vekene etter at behandlinga er avslutta.

Under behandling vil vi med jamne mellomrom gjere CT-undersøkingar for å undersøke om behandlinga har effekt eller om du har fått tilbakefall av sjukdommen. Resultata av desse undersøkingane får du ved konsultasjon hos lege.

Om du kan vere i arbeid avheng av forma di og blir vurdert under konsultasjonar med lege.

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekke tilbod som kan vere til hjelp for å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og sjukdomsmeistring heilt frå sjukdommen begynner og starten av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med, eller etter, kreftsjukdom med god livskvalitet.

Etter at behandlinga er fullført, blir du følgt opp etter nasjonale retningslinjer

Handlingsplan lungekreft (PDF), Helsedirektoratet

Pakkeforløp lungekreft, Helsedirektoratet

Handlingsprogram palliativ behandling (PDF), Helsedirektoratet

Pasientorganisasjoner og tilbod

Kreftforeningen

Lungekreftforeningen

Vardesenteret

Pusterommet – Aktiv mot kreft

Sist faglig oppdatert 30.08.2024