Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
Det finst to hovudtypar av lungekreft: ikkje-småcella og småcella. Inndelinga og valg av behandling er basert på utsjånaden og vekstmønsteret svulstane.
Når lege har grunngitt mistanke om kreft, blir du vist til pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, plassering av ansvar og konkrete forløpstider.
Ansvaret for utgreiing og behandling av lungekreft er eit samarbeid mellom fleire klinikkar og avdelingar. I løpet av utgreiinga blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje, og eventuelt kva type kreft du har.
Som regel tar vi først ein CT-røntgen av lunger, lever og binyrer. Ved mistanke om kreft gjer vi ofte ein bronkoskopi, ei undersøking der dei sentrale luftvegane (luftrøyret og bronkiar) blir undersøkte ved hjelp av ein bevegeleg slange med kamera festa i tuppen. Under ein bronkoskopi kan vi også ta ei vevsprøve av eventuelle svulstar. Andre undersøkingar kan også vere aktuelle på dette tidspunktet.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil vi som oftast kunne stille ein diagnose og avklare om du har kreft eller ikkje. Om du ikkje har kreft, avsluttar vi pakkeforløpet.
Dersom det skulle vise seg at du har lungekreft, jobbar vi vidare med å:
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Det finst fleire moglege behandlingar. Kva som er best for deg kan du og helsepersonell komme fram til saman. Dette blir kalla samval. Å vere med og bestemme er ein rett du har.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Det er tre hovudtypar behandling mot lungekreft: Kirurgi (operasjon), strålebehandling eller medikamentell behandling. Behandlinga blir gitt enten aleine eller i ulike kombinasjonar, i samsvar med nasjonalt handlingsprogram.
Når du, saman med behandlarane dine, har vedtatt kva behandling som passar best for deg, får du utfyllande informasjon om behandlinga, kva førebuingar som blir anbefalte, moglege biverknader og tida etter behandling. Du har høve til å ta med deg pårørande når du får informasjonen.
Medikamentell kreftbehandling har til hensikt å gje best mogeleg sjukdomskontroll. Noken gangar blir det gitt som tilleggsbehandling (for eksempel etter kirurgi), noken gangar samtidig med annan behandling (for eksempel strålebehandling), og noke gangar som hovedbehandling.
Tradisjonelt har dette blitt kalla «cellegift», men dei siste åra har det komme mange andre typar behandling som gjer mykje betre sjukdomskontroll og ofte mildare biverknadar enn cellegift. Mange av dei nye typane behandling blir omtala som «immunterapi».
Ved langtkommen kreft der sjukdommen ikkje kan heilast, er det ei rekke moglegheiter for både livsforlengande behandling og tiltak som kan førebygge og lindre symptom/plager. Ein del pasientar med kreft som har spreidd seg, kan leve godt i lang tid, og nokon døyr av heilt andre årsaker.
Det finst ei rekke tilbod som kan vere til hjelp for å komme tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenke rehabilitering og sjukdomsmeistring heilt frå sjukdommen begynner og starten av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med, eller etter, kreftsjukdom med god livskvalitet.
Handlingsplan lungekreft (PDF), Helsedirektoratet
Pakkeforløp lungekreft, Helsedirektoratet
Handlingsprogram palliativ behandling (PDF), Helsedirektoratet

Karmsundgata 120
5528 Haugesund