Kirurgisk lymfeknutebiopsi
Dette er vevsprøvar som blir tekne av lymfeknutar i armholer, lyskar eller halsregionen.
Ved prøvetaking av vev av lymfeknutar i armholer eller lyskar får du lokal bedøving eller narkose. Prøvetaking av vev av lymfeknutar i halsregionen blir som regel gjord i narkose, og du vil bli lagd inn på sjukehuset i samband med undersøkinga.
Radiologisk lymfeknutebiopsi
Slike vevsprøvar blir tekne anten med rettleiing av ein ultralyd- eller ei CT-maskin. Vanlegvis blir undersøkinga utført medan du ligg flatt på ein benk.
Ultralydrettleidd biopsi
Det området av kroppen som skal undersøkjast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet, derfor blir det alltid brukt ein slags gelé på huda. Den kan ofte kjennast litt kald med ein gong. Legen beveger lydhovudet over det aktuelle området, og det blir danna eit bilete på skjermen.
Ultralydrettleidd prøvetaking av vev blir ofte brukt for å setje diagnose når det er funne forandringar på røntgen. Området som det skal stikkast i blir vaska og dekt til med ein steril duk. Formålet med undersøkinga er å stadfeste eller avkrefte vondarta sjukdom.
CT-rettleidd biopsi
Blir nytta når det er vanskeleg å lokalisere lymfeknuten med ultralyd. Same framgangsmåte som ved ultralydrettleidd biopsi, bortsett frå at det blir nytta ei CT-maskin for å få optimal posisjon av nåla.
Gjer det vondt?
Ei ultralyd- eller CT-undersøking kan opplevast ubehageleg fordi du må liggje heilt stille i samband med prosedyren. Av og til må legen trykkje litt ekstra på ultralydhovudet for å få betre oversikt. Det kan kjennast ubehageleg eller vondt, spesielt dersom du allereie har smerter i området. Dersom det er nødvendig å gi kontrastvæske, vil du kjenne eit stikk i armen når nåla blir sett (som ved ein blodprøve). Biopsien kan vere smertefull, og du vil få lokalbedøving i forkant. Lokalbedøvinga er litt ubehageleg.
Kor lenge varer undersøkinga?
Undersøkingstida varierer frå cirka eit kvarter til ein time, avhengig av kva område som skal undersøkjast, kor mange bilete som skal takast, om det er nødvendig med kontrastvæske eller om det blir teke vevs-/celleprøvar.