For at undersøkinga skal bli vellykka må tarmen vere heilt rein. Tarmen må derfor tømmast heilt før undersøkinga.
Førebuingane startar med matrestriksjonar 5 dagar før undersøkinga.
Barnet må tømme tarmen med tømmingsmiddelet Picoprep eller Citrafleet dagen før undersøkinga.
Barn 1–18 år:
Tømming av tarmen skjer i utgangspunktet med Picoprep eller Citrafleet som er ei væske som må drikkast. Det inneber ein del førebuingar heime. Det er viktig at tarmen er heilt rein når vi gjer undersøkinga og retningslinjene for tømming må følgast nøye.
Førebuingar heime i 5 dagar før undersøkinga
Barnet skal ikkje ta/ete:
- jerntilskot, inkludert multivitamin med jerntilskot
- småfrø og fiber som lin-, solsikke- og sesamfrø
- kornblandingar, brød/knekkebrød med frø eller fiber
- frukt med frø eller steinar, som kiwi eller bringebær
Barnet kan gjerne ete:
- brødprodukt med fint mjøl, som loff utan frø
- mjølkeprodukt
- pasta, ris og poteter
- grønsaker utan skal
- kjøtt og fisk
Drikk så mykje væske som mogleg i dagane før undersøkinga.
Førebuingar heime, dagen for innlegging på sjukehuset
Frukost før de kjem til sjukehuset: Barnet skal ete ein lett frukost utan korn (for eksempel 2 skiver loff med pålegg).
Etter frukost skal barnet
- Ikkje et noko meir mat, mjølkebaserte supper/drikker eller jus m/fruktbitar eller fruktkjøt, fram til etter undersøkinga.
- Berre drikke rikeleg med klare væsker fram til han/ho legg seg. For eksempel: Vatn, brus/saft (ikkje cola/pepsi, blåbær- og solbærsaft fordi det fargar slimhinner), sportsdrikk, klar eplejuice, saftis utan sjokoladetrekk, gelé, te, buljong og liknande.
- Det er viktig å få i seg drikke med sukker/energi og ikkje berre vatn. Klare ernæringsdrikker utan fiber, fruktkjøtt og jamning kan fåast på apoteket.
- Det er også viktig å få i seg litt saltar. Farris, buljong og klare supper blir anbefalt.
- Pastillar er greitt så lenge barnet ikkje svelger dei.