Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mage- og tarmundersøking (skopi) hos barn – innlegging

Skopi betyr å kikke. Kolon betyr tjukktarm og ileum betyr tynntarm. Magen og tarmen er delt opp i mange delar. Legen bestemmer kva delar som skal undersøkast ut frå kva problem barnet har, og kva legen tenker er nødvendig å undersøke. Kva vi kallar undersøkinga avheng av kor stor del av tarmen som blir undersøkt. Koloskopi er heile tjukktarmen, mens ileoskopi er heile tjukktarmen og nedste del av tynntarmen.

Før

For at undersøkinga skal bli vellykka må tarmen vere heilt rein. Tarmen må derfor tømmast heilt før undersøkinga.

Førebuingane startar med matrestriksjonar 5 dagar før undersøkinga.

Barnet må tømme tarmen med tømmingsmiddelet Picoprep eller Citrafleet dagen før undersøkinga.

Barn 1–18 år:

Tømming av tarmen skjer i utgangspunktet med Picoprep eller Citrafleet som er ei væske som må drikkast. Det inneber ein del førebuingar heime. Det er viktig at tarmen er heilt rein når vi gjer undersøkinga og retningslinjene for tømming må følgast nøye.

Førebuingar heime i 5 dagar før undersøkinga

Barnet skal ikkje ta/ete:

  • jerntilskot, inkludert multivitamin med jerntilskot
  • småfrø og fiber som lin-, solsikke- og sesamfrø
  • kornblandingar, brød/knekkebrød med frø eller fiber
  • frukt med frø eller steinar, som kiwi eller bringebær

Barnet kan gjerne ete:

  • brødprodukt med fint mjøl, som loff utan frø
  • mjølkeprodukt
  • pasta, ris og poteter
  • grønsaker utan skal
  • kjøtt og fisk

Drikk så mykje væske som mogleg i dagane før undersøkinga.

Førebuingar heime, dagen for innlegging på sjukehuset

Frukost før de kjem til sjukehuset: Barnet skal ete ein lett frukost utan korn (for eksempel 2 skiver loff med pålegg).

Etter frukost skal barnet

  • Ikkje et noko meir mat, mjølkebaserte supper/drikker eller jus m/fruktbitar eller fruktkjøt, fram til etter undersøkinga.
  • Berre drikke rikeleg med klare væsker fram til han/ho legg seg. For eksempel: Vatn, brus/saft (ikkje cola/pepsi, blåbær- og solbærsaft fordi det fargar slimhinner), sportsdrikk, klar eplejuice, saftis utan sjokoladetrekk, gelé, te, buljong og liknande.
  • Det er viktig å få i seg drikke med sukker/energi og ikkje berre vatn. Klare ernæringsdrikker utan fiber, fruktkjøtt og jamning kan fåast på apoteket.
  • Det er også viktig å få i seg litt saltar. Farris, buljong og klare supper blir anbefalt.
  • Pastillar er greitt så lenge barnet ikkje svelger dei.

 

Om barnet bruker viktige medisinar om morgonen, for eksempel hjarte- eller lungemedisin, skal barnet ta desse saman med vatn som vanleg.

Om barnet har diabetes, skal han/ho ikkje ta morgonmedisin, insulin eller diabetestablettar før undersøkinga er utført. Ta med mat slik at barnet har noko å ete 1 time etter undersøkinga. Vi prioriterer så undersøkinga blir gjord tidleg på dagen for å unngå unødige svingingar i blodsukkeret.

Tar barnet livsviktige medisinar som ikkje kan utsettast, kan de kontakte oss for å få ein tidleg timeavtale. Ta med medisinane så barnet kan ta dei etter undersøkinga. Vi ønsker at de tar med deg ei oppdatert liste over medisinar.

Ta kontakt med fastlegen dersom barnet har kunstig hjarteklaff.

Blodfortynnande medisinar skal ein som oftast slutte med frå 2–10 dagar før undersøkinga. Kor mange dagar avheng av kva medisinar barnet bruker. Dersom dette ikkje står klart i innkallingsbrevet, ta kontakt med fastlegen eller sjukehuset i god tid.

Under

De møter opp til tidspunktet som står i innkallingsbrevet.

Kor mange timar barnet må faste får dykk beskjed om ved innlegginga. Vi startar tømming av tarmen på sjukehuset og du vil få meir informasjon om dette når du kjem.

Innleggingsdagen

Tømming med Picoprep/Citrafleet blir starta på sjukehuset på innleggingsdagen og de vil få meir informasjon der.

Barnet får 2 dosar i løpet av dagen.

NB: Barn med ileostomi får berre 1 dose

Det er VIKTIG å drikke mykje og jamleg heile tømmingsdagen fram til leggetid.

Dersom det blir vanskeleg å drikke så mykje væske som trengst ved tømming med pulver, så gir vi væske via eit røyr ned i magen (sonde).

Barn som ikkje kan få Picoprep/Citrafleet:

Tømming skjer da med ei væske som heiter Laxabon. Det blir vanlegvis gitt via ein sonde ned i magen. Dersom barnet ditt skal tømme med Laxabon, så skal de gjere same førebuingar heime. Sjå informasjonen over.

Undersøkingsdagen

De blir tatte imot av ein pleiar og ein lege. Vi vil ta vekt og høgde, og kanskje blodtrykk. Undersøkinga skjer i narkose. Det betyr at barnet søv og ikkje merkar noko under undersøkinga. Nokre barn som skal i narkose, må ta blodprøver. Det får ein beskjed om på sjukehuset.

Barnet får lagt inn veneflon før narkosen. Det er eit lite plastrøyr som blir sett inn i ei blodåre ved hjelp av ei nål. Ein får ein bedøvingskrem på huda først slik at stikket ikkje skal gjere vondt. Av og til blir det også gitt medisin før narkosen slik at barnet skal kjenne seg avslappa før undersøkinga. Ein av foreldra får vere med heilt til barnet sovnar av narkosen.

Ved skopi av tarmen puttar legen eit slags tynt røyr med kikkert på, inn i tarmen via rumpa. Da kan legen sjå rundt i tarmen og sjekke om det ser friskt eller sjukt ut. Legen kan også ta prøver av tarmveggen dersom det er noko vi vil undersøke ekstra nøye. Prøva blir tatt med ei lita klype som er festa til skopet og som kan knipe av ein liten del av veggen. Prøva blir send til patologen for undersøking, og det kan ta litt tid før vi får svar.

Patologen er ein lege som er spesialist i å undersøke slike prøver.

Etter

Barnet vaknar opp av narkosen på postoperativ og kjem deretter tilbake til sengeposten. Om alt går som planlagt vil de få reise heim seinare same dag.

Legen informerer om kva ho/han har sett under undersøkinga, før de reiser. Det tar cirka 2–3 veker å få svar på prøvene som er tatte. De vil få svar i posten eller per telefon.

Barnet kan oppleve vondt i magen og luftplager etter undersøkinga, fordi legen har blåst luft i tarmen. Det kan hjelpe og bevege seg for da blir lufta raskare transportert ut som promp. Det kan også komme litt blod i trusa etter undersøkinga og dette er ikkje farleg.

Ver merksam

Kontakt oss dersom det kjem mykje blod eller dersom barnet har store, aukande smerter.

Sist faglig oppdatert 26.01.2026

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund