Manometri og pH (utan/med impedans)

Mage-tarmundersøking med 24 timers pH- og trykkmåling i matrøyret

Dette er ei funksjonsmåling av matrøyret. Trykkmålinga gir informasjon om korleis muskulaturen oppfører seg, og korleis væske/fast føde passerer matrøyret. Vi undersøker grad av refluks til matøyret i 24 timar. Då væske lek opp i matrøyret berre i korte periodar, er det nødvendig at du går med utstyret eit heilt døgn.

Før

Faste

Det er viktig at du ikkje et fast føde, drikk eller røyker minst 4 timar før undersøkinga.

Medisinar

  • Viss ikkje anna står i innkallingsbrevet skal du stoppe all syrehemmande medisin 7 dagar før undersøkinga. Dette gjeld medisinar som for eksempel Ranitidin og Somac.
  • 12  timar før undersøkinga skal du stoppe med syrenøytraliserande medisinar, for eksempel Link.
  • 24 timar før, stopp medisin som høyrer til gruppene kalsium antagonistar og nitrat, for eksempel Cardizem og Monoket.
  • 12 timar før undersøkinga, stopp beroligende medisiner, for eksempel Vival.

Snakk med fastlegen din viss du lurer på om dette er medisinar du bruker, og om det er greitt å midlertidig stoppe dei. Du kan ikkje få beroligande midler under sjølve undersøkinga siden det kan påverke resultatet av undersøkinga.

Under

Trykk

Trykkmålinga tar 20-30 minutt. Du får lokalbedøving med gel i nasebor. Kateteret blir ført gjennom nase, svelg, spiserøyret og ned i magesekken. Du ligg først på side/rygg. Du får vatn/saft i munnen som du skal svelgje på kommando. Svelg minst mogleg utanom kommando. 

Refluks-undersøking

Eit tynt kateter i plastikk blir ført gjennom nase, svelg, spiserøyret og ned i magesekken. Kateteret sender data til ein berbar opptakar, kor alle data blir lagra og vi les av seinare.

24 timar med kateter

Det tynne kateteret i svelget ditt vil du akseptere raskt. Det viser seg at vi får mest ut av undersøkinga viss du er i vanleg aktivitet og utfører dine daglege gjeremål heime og/eller på jobb. Helst vil vi at du går tilbake på jobb, evt. gjer forfallande arbeid inne eller utearbeid.

Ikkje bruk syrehemmande/nøytraliserande midlar eller alkohol i løpet av undersøkinga, viss ikkje anna blir sagt.

Du kan ete og drikke som vanleg, men utanom måltida skal du ikkje drikke sure drikker, mineralvatn eller ete appelsinar.

Trykk på knappen og fyll ut skjema

Viss du får dine typiske symptom, må du trykke på knappen på apparatet. Skriv også ned klokkeslettet for hendinga i skjemaet du får med deg. Dette er svært viktig for tolkinga av resultatet.

Hugs også å trykke på knappen og notere klokkeslett for start og slutt av måltid, i tillegg til klokkesletta for kvile (liggande stilling) og søvn. Dette noterer du i skjemaet.

Viss det er noko du lurer på det døgnet du går med kateteret, kontakt oss på telefon.

Etter

Du må kome tilbake neste dag, etter ca 24 timar, med opptakaren og skjemaet. Du vil få skriftleg tilbakemelding om resultatet av undersøkinga og kva vi anbefaler, hvis ikkje annet er avtalt under undersøkinga.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk
Ventetid: 35 uker

Ventetid: 35 uker

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Ventetid

35 uker til undersøkelse

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.