Sørg for å ha det du treng av mat og andre ting i huset dei første dagane etter at du har komme heim. For at gassen skal dekke makula, er det viktig at du ikkje ser oppover, og at du ikkje ligg på rygg dei første dagane.
Makulahull, operasjon
Eit makulahol er eit hol i den gule flekken (skarpsynet) på netthinna i auget. Årsaka er aldersforandringar i glaslekamen. Ubehandla medfører ikkje makulahol blindheit, men tap av skarpsynet. Operasjonen vil lukke holet i 90 prosent av tilfella.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Biverknader og komplikasjonar
Den vanlegaste komplikasjonen ved operasjon for makulahol er utvikling av katarakt / grå stær, om du ikkje har operert linsa. Mindre vanlege komplikasjonar er rifter i netthinna og netthinneløysing. Dette blir som regel oppdaga under operasjonen, slik at vi kan reparere det under same operasjon.
Sjeldne komplikasjonar er blødingar, synsfeltdefektar, pigmentforandringar og infeksjon.
Forholdsreglar
- Du skal ikkje ligge på ryggen eller sjå opp dei første døgna etter operasjonen.
- Du kan ikkje fly eller dykke så lenge det er gass i auget.
- Du skal ikkje ha narkose med lystgass. Dette kan føre til høgt trykk i auget og øydelegge synet.
- Rask oppstigning til høgfjellet over 900–1000 meter kan også føre til høgt trykk og smerter dersom det er gass i auget.