Alle som får påvist malaria skal behandlast, og er vi i tvil om det er den farlege malariaforma (falciparum-malaria) eller ein av dei andre mindre alvorlege malaria-formene, skal vi oppfatte det som falciparum-malaria, for ikkje å utelate behandling av ein mogleg falciparum-malaria.
Behandlingsalternativa varierer med type malaria og med kor sjuk du er. Dersom du har falciparum-malaria og er i såpass god form at du kan ete og drikke og ikkje kastar opp, kan du behandlast med tablettar. Falciparum-malaria skal aldri behandlast med klorokin fordi parasitten har utvikla resistens mot denne medisinen, men det finst gode og effektive alternativ. Førstevalet er ei kombinasjonspille som inneheld artemisinin og eit tilleggsstoff, Eurartesim® eller Riamet®. Dette er kostbart og legen må søkje om registreringsfritak for at apoteket skal kunne gi ut medisinen. Andre malariamedisinar mot falciparum-malaria kan skrivast ut på vanleg resept åleine. Desse heiter Malarone®, Lariam® og Doxylin®.
Er du derimot alvorleg sjuk, må du innleggjast på sjukehus og behandlast med ei intravenøs form av artemisinin etterfølgd av ein vanleg tablettkur. Alle akuttmedisinske mottakingar på norske sjukehus bør ha denne medisinen på lager. På sjukehuset vil vi følgje nøye med den kliniske tilstanden og resultata av blodprøvene som blir tekne, mellom anna om mengda parasittar i dei raude blodlekamane fell fort som teikn på at behandlinga verkar slik ho skal.
Kor lenge varer behandlinga?
Behandlinga er som regel veldig effektiv, og dei fleste kan gå over frå intravenøs behandling til tablettar etter nokre få dagar. Unntaket er dersom du kjem for seint til, slik at det allereie har utvikla seg alvorlege komplikasjonar til malaria-infeksjonen.
Ein tablettkur varer tre til fire dagar.
Kva skjer etterpå?
Dei fleste blir skrivne ut utan mén eller behov for vidare oppfølging. Dei som får påvist vivax- eller ovale-malaria skal i tillegg etterbehandlast med noko som heiter primakvin i to veker for å drepe sovande parasittar i levra som elles kunne gitt tilbakefall seinare. Før du får denne medisinen, må du ta ein blodprøve for å sjekke at du toler denne medisinen. Dei som har ein medfødd enzym-svikt (glukose-6-fosfat-dehydrogenase-mangel), kan bli sjuke av primakvin. Dette er mest utbreidd blant personar frå sørlegare strøk og ekstremt sjeldan hos skandinavar. Denne medisinen må legen også søkje om registreringsfritak for.
Biverknader og komplikasjonar
Artemisinin-behandling blir vanlegvis godt tolerert, men dersom du har fått intravenøs behandling, bør du ta ein blodprøvekontroll som beskrive nedanfor for å utelukke moglege seinkomplikasjonar. Elles varierer biverknadene med type malariamedisin som blir givne. Lariam® (meflokin) kan gi psykiatriske biverknader og om du har eller har hatt alvorleg psykiatriske sjukdom (psykose eller alvorleg depresjon) bør du unngå å ta desse. Malarone® (atovakvon-proguanil) kan gi forbigåande kvalme og oppkast. Doxycyklin kan gi utslett på huda ved soleksponering, og sopp i underlivet.
Forholdsreglar
Ved livstruande sjukdom, er målet å redde liv, og ein må gi artemisinin intravenøst (via ei nål i ei blodåre). Dersom du ikkje er så sjuk, kan du ta tablettar. Valet av type malaria-medisin blir vurdert opp mot alder, eventuell graviditet og andre faste medisinar. Falciparum-malaria kan gi alvorleg sjukdom og skal derfor alltid behandlast. I praksis vil vi også alltid behandle dei andre malaria-formene.