Meckels divertikkel scintigrafi, barn – nukleærmedisinsk undersøking av magen

Meckels divertikkel er ei medfødd utbukting frå tarmen, ein rest frå sambandet mellom tarmkanal og navlestreng i fosterlivet. Om denne utbuktninga produserer magesyre, kan ho forårsake smerte og bløding i tarmen. 1– 3 prosent av befolkninga har denne utbuktinga, og ho gir symptom hos 15–30 prosent av desse igjen. Meckels divertikkel kan påvisast ved scintigrafi. Då gir vi barnet ei lita mengd radioaktivitet inn i ei blodåre. Stoffet blir teke opp i slimhinna i magesekken, også i Meckels divertikkel. Dette kan vi sjå ved å ta bilete med eit gammakamera eller ein SPECT/CT.

Før

Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her blir oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga. Om de ikkje kan møte til timen, ber vi de gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at de har fått innkallingsbrevet.

Viktige førebuingar

Det er stundom nødvendig å ta medisinar for å hemme syreproduksjon i magesekken på førehand. Dette vil de få informasjon om i innkallingsbrevet.

  • Barnet skal faste 3–4 timar før undersøkinga
  • Vi har behov for å vite kor mykje barnet veg
  • Ta gjerne med ei leike/bok/bamse som barnet er glad i

Under

Barnet vil først få ei lita mengd radioaktivt stoff inn i ei blodåre i armen medan barnet ligg i ro på kamerabenken. Dette stoffet vil takast opp i slimhinna i magesekken, og også i Meckels divertikkel.

Det er viktig at barnet ligg flatt og roleg under heile undersøkinga. Vi tek bilete etter 15, 30 og 45 minutt, og bileta tek nokre minutt kvar gong. Vi tek også eit bilete der vi markerer kvar navlen til barnet er.

I mange tilfelle kan det vere nødvendig å hjelpe barnet til å liggje stille. Personalet vil gjere sitt ytste for at undersøkinga skal bli god nok, samtidig som opplevinga til barnet skal bli så god som mogleg.

Etter

De kan reise heim når undersøkinga er ferdig.

Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svaret på undersøkinga kjem til legen som har tilvist barnet.

Kontakt