Meckels divertikkel scintigrafi, vaksne – nukleærmedisinsk undersøking av magen
Meckels divertikkel er ei medfødd utbuktning frå tarmen, ein rest frå sambandet mellom tarmkanal og navlestreng i fosterlivet. Om denne utbuktninga produserer magesyre, kan ho forårsake smerte og bløding i tarmen. 1–3 prosent av befolkninga har denne utbuktninga, og ho gir symptom hos 15–30 prosent av desse igjen. Utbuktninga kan påvisast ved scintigrafi. Då gir vi deg ei lita mengd radioaktivitet inn i ei blodåre. Dette stoffet blir teke opp i slimhinna i magesekken din, også i Meckels divertikkel. Vi kan sjå dette ved å ta bilete med eit gammakamera eller ein SPECT/CT.
Før
Det er svært viktig å lese innkallingsbrevet grundig, her blir oppgitt informasjon som er viktig for undersøkinga.
Om du ikkje kan møte til timen, ber vi deg gi beskjed om dette så fort som mogleg etter at du har fått innkallingsbrevet.
Om du er gravid, kan vere gravid eller om du ammar, skal du ta kontakt med nukleærmedisinsk avdeling så raskt som mogleg etter at du har fått innkalling til undersøking. I dei aller fleste tilfella skal då denne undersøkinga ikkje gjennomførast.
Viktige førebuingar
- Du skal faste 6 timar før undersøkinga.
- Det er ofte nødvendig å ta medisinar for å hemme syreproduksjon i magesekken på førehand. Dette vil du få informasjon om i innkallingsbrevet.
- Vi har behov for å vite kor mykje du veg.
- Ikkje ta med gravide eller små barn som følgje til undersøkinga.
Under
Du vil få ei lita mengd radioaktivt stoff inn i kanylen i armen medan du ligg i ro på kamerabenken. Dette stoffet vil takast opp i slimhinna i magesekken din, og også i Meckels divertikkel.
Det er viktig at du ligg flatt og roleg under heile undersøkinga. Vi tek bilete etter 15, 30 og 45 minutt, og bileta tek nokre minutt kvar gong. Vi tek også eit bilete der vi markerer kvar navlen din er.
Etter
Du kan reise heim når undersøkinga er ferdig.
Bileta skal etterbehandlast og granskast av legar ved nukleærmedisin. Svaret på undersøkinga blir sendt til legen som har tilvist deg.