Betablokkarar er saman med ACE-hemmarar førstehandsmedikament ved hjartesvikt med redusert hjartepumpefunksjon. Betablokkarbehandling gir betra hjartefunksjon, mindre symptom, betra livskvalitet og arbeidstoleranse, færre sjukehusinnleggingar og auka overlevelse. Start med ein låg dose og titrere langsamt opp (f.eks. dobling av dose kvar andre veke) med sikte på å nå måldose. Betablokkarar reduserer av og til blodtrykket og kan gi symptom på lågt blodtrykk. Dette er oftast forbigåande, men kan krevje midlertidig reduksjon av ACE-hemmardosen og eventuelle vassdrivande medisinar.
Reduksjon av hjartefrekvens er ein tilsikta verknad og gir vanlegvis ingen symptom. Ved svært låg hjartefrekvens (< 50 slag/min) og symptom som å vere svimmel og omtåka bør det bli tatt EKG, og dosen bør ev. bli justert. Det kan vere nødvendig å slutte med andre medikament som påverkar hjartefrekvensen (rytmestabiliserande medisinar).
Biverknader og praktiske tips
Det finst ei rekke betablokkarar på marknaden, men ein bør velje ein med dokumentert effekt ved hjartesvikt, starte med ein låg dose og titrere seg langsamt opp (f.eks. dobling av dose kvar andre veke) med sikte på måldose (Tabell).
- Lågt blodtrykk. Betablokkarar reduserer blodtrykket og kan gi symptom på lågt blodtrykk. Dette er oftast forbigåande, men kan krevje midlertidig reduksjon av ACE-hemmardosen og ev. av diuretika-dosen. Gjer dette før du sluttar med betablokkaren.
- Væskeretensjon og forverra svikt førekjem i oppstartsfasen. Dette kan som regel bli unngått med låg startdose og ved at ein gir seg sjølv god tid med opptrappinga. Du bør vege deg dagleg, og ved vektauke kan dosen av vassdrivande bli auka.
- Låg hjartefrekvens og hjarteblokk. Reduksjon av hjartefrekvens er ein tilsikta verknad og gir vanlegvis ingen symptom. Ved svært låg hjartefrekvens (< 50 slag/min) og symptom som å vere svimmel og omtåka bør det bli tatt EKG, og dosen bør ev. bli justert. Det kan vere nødvendig å slutte med andre medikament som påverkar hjartefrekvensen (digitalis, antiarytmika).
- Nokre toler ikkje full dose (svimmelheit, svært låg puls) og har ofte ein auka følsamheit for betablokkarar. Det viktige her er at vi forsøker å oppnå høgst mogleg dose utan biverknader.
- Biverknader som trøyttleik, svimmelheit og auka tungpust (dyspné) kan oppstå i starten, men forhindrar ikkje langtidsbruk. Vi ser ofte ei betring først etter fleire vekers bruk. Hos nokre kan det gå opptil 2 til 3 månader.
- Sjølv om betringa av symptom er beskjeden hos enkelte pasientar, utelukkar ikkje dette gunstig effekt på vidareutvikling av sjukdommen, antal sjukehusinnleggingar og dødsfall.
Det er viktig med eit skikkeleg kontrollopplegg med hyppige konsultasjonar dei første månadene, og seinare anbefaler vi kontroll kvar 3. månad.