Medisinfri behandling i psykisk helsevern

Medisinfri behandling er eit tilbod for pasientar over 18 år i psykisk helsevern som tradisjonelt har blitt behandla med medisinar.

Behandlingstilbodet blir lagt opp i samarbeid med deg ut frå tilstanden din. Gjennom behandlinga hjelper vi deg til å nå eigne mål, ha god kunnskap om eigen sjukdom, og oppleve kontroll og meistring av livet ditt.

Du er sjølv med på å avgjere om du skal nytte medisinar eller ikkje, som ein del av behandlinga di. Fagfolka våre skal sikre at du har den informasjonen du treng for å kunne ta val som påverkar behandlinga di.

Medisinfritt tilbod kan også vere for deg som bruker medisinar og som ønsker å prøve behandling utan. Vi planlegg ei forsvarleg nedtrapping av medisinane dine samtidig som du får andre behandlingstilbod.

Tilvising og vurdering

Fastlegen og behandlarar i spesialisthelsetenesta vil saman med deg vurdere om dette er eit eigna tilbod for deg.

Tilvising skal innehalde opplysningar om motivasjon for tilbodet, i tillegg til ei god utgreiing som inkluderer aktuell og tidlegare symptomatologi og behandling, diagnostiske vurderingar, livshistorie/anamnese, utgreiing av personlegheita, somatiske helseutfordringar, suicidalvurdering, aktuell og tidlegare forhold til rus/avhengnad, psykometri (helst MINI, SCID-2) og aktuell medisinering.

Før

Du vil bli kalla inn til samtale for å kartlegge tilstanden din og behova dine. Vi vil saman vurdere om eit medisinfritt tilbod er forsvarleg for deg, slik at sjukdommen og symptoma ikkje blir forverra når du tar imot tilbodet. Du får også meir informasjon om behandlingstilbodet og opphaldet. På vurderingsdagen møter du teamet vårt. Vi vil snakke med deg om motivasjon og målsetting for behandlinga, kartlegge psykiske plager, fysisk helse og samarbeid med familie og lokale hjelpeinstansar.

Dersom du som pasient skal lykkast med eit medisinfritt behandlingstilbod er det viktig at du er motivert og klar for å jobbe aktivt med den psykiske lidinga di.

Under

Vi tilbyr eit behandlingsopphald der vi bruker «recovery» som behandlingsplattform. Det vil seie at vi legg vekt på tilbakemeldingar frå deg for å tilpasse behandling undervegs og sikre at du får maksimalt utbytte av behandlinga. Ei grunnleggande haldning i «recovery» er trua på at ein trass psykiske vanskar kan ha ein god og meiningsfull kvardag. Behandlar og bruker jobbar som likeverdige partnarar mot målet til brukaren. Brukar er ekspert på seg sjølv, og behandlar er ekspert på det faglege. Målet er at du får tilstrekkeleg med kunnskap, ferdigheit, nettverk og støtte til å ta ansvar for eigne val og eige liv.

Tilbodet vil også bestå av eit program som inneheld fysisk aktivitet og trening. Du vil få meir informasjon om kva du treng å ta med deg av frilufts- og treningsutstyr før opphaldet ditt.

Godt kosthald og å halde oppe sosialt nettverk og funksjon i dagleglivet står også sentralt. Vi søker så langt som mogleg saman med deg å ha eit nært samarbeid med pårørande, fastlege og det kommunale helsetilbodet.

Du får eigen timeplan som du følger gjennom opphaldet.

Etter

Etter avslutta medisinfritt behandlingstilbod vil vidare oppfølging skje enten hos fastlege og kommunen eller i spesialisthelsetenesta.

Det er viktig at du bruker det du har lært i behandlinga. Dei fleste personar skal under og ved avslutta behandling ha fått utarbeidd ein eigen plan for å førebygge og meistrar tilbakefall.

Ved behov for og i samarbeid med deg og aktuelle instansar, vil vi utarbeide kriseplan og bidra til etablering av individuell plan. Vi tilbyr også oppfølgingssamtalar etter nokre månader.

Kriseplan

Ein viktig del av behandlinga er å gjere både pasient og omgivnader i stand til å fange opp tidlege teikn på forverring.

Ein kriseplan skal hjelpe deg å:

  • oppdage tidlege teikn på forandring
  • planlegge korleis du kan stoppe ei negativ utvikling
  • fortelje deg korleis du på best mogleg måte kan søke hjelp

Planen skal vere skriftleg og blir utarbeidd i samarbeid med hjelpeapparatet og dine næraste. Hjelpeapparatet forpliktar seg til å følge denne planen.

Eksempel på kriseplan frå Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (PDF)

Kontakt

Haugaland DPS

Kontakt Haugaland DPS

Oppmøtested

Floravegen 75
5535 Haugesund

Oppmøtested

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik

Oppmøtested

Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Haugesund sjukehus, 1. etasje

Oppmøtested

Kirkegaten 103
5528 Haugesund