Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Metotreksat-behandling

Metotreksat blir brukt ved mange autoimmune betennelsessjukdommar, for eksempel ved betennelsessjukdommar i tarm eller ledd, ofte i kombinasjon med eit biologisk legemiddel.

Metotreksat verkar ved å hemme nokre av byggesteinane som er viktige i danninga av visse immun- og betennelsesceller. Dermed blir aktiviteten dempa i betennelsen, slik at betennelsessjukdommen blir fredelegare og symptoma blir gradvis betra.

Effekten kjem gradvis dei første frå 6–8 vekene og opptil nokre månader. Om du ikkje har fått nokon effekt etter 3–6 månader, er det vanleg å revurdere behandlinga. Ofte blir metotreksat brukt saman med andre immundempande legemiddel.

Forholdsreglar

Samtidig bruk av andre legemiddel

Du bør som hovudregel ikkje kombinere metotreksat med visse antibiotika (som trimetoprim eller sulfa- eller trimetoprim-sulfa preparat som Bactrim), da det kan gi auka fare for biverknader.

Unntaket er dersom du får Bactrim i låg dose som førebyggande behandling, men det kan da vere behov for hyppigare blodprøvekontrollar.

Samtidig bruk av betennelsesdempande middel (NSAID/COX-2-hemmarar) og metotreksat kan i nokre tilfelle påverke nyrefunksjonen. Bruk derfor ikkje større dosar betennelsesdempande middel enn legen har anbefalt og avgrens bruk av betennelsesdempande legemiddel (Ibux, Ibumetin, Naproxen og liknande) som du kjøper utan resept. Snakk med lege eller farmasøyt om alle legemidla dine passar saman. Unngå jamleg bruk av alkohol, og ha eit så lite inntak som mogleg.

Ved infeksjon

Lege må vurdere om du skal ha pause i metotreksatbehandlinga.

Operasjon

Dersom ein operasjon er planlagd, må lege vurdere om du bør ha ein pause i metotreksatbehandlinga.

Vaksinar

Du må unngå levande vaksinar så lenge du brukar metotreksat.

Det blir anbefalt at du tar årleg vaksine mot influensa og korona, og vaksine mot pneumokokksjukdom kvart 6. år når du bruker metotreksat.

Under

Dosering

Metotreksat blir berre dosert éin dag per veke og vanleg dose er 7,5-25 mg som blir tatt som 3–10 tablettar samtidig eller som sprøyte i underhuda på denne eine vekedagen. Finn ein fast vekedag som er praktisk å hugse.

(Dersom behandlinga skal givast som sprøyte vil du få time ved dagposten vår for opplæring dei første 1–3 vekene av behandlinga.)

Vanlegvis blir i tillegg Folsyre anbefalt 1 mg dagleg for å motverke enkelte av biverknadene som kan oppstå. Ta gjerne metotreksat på kvelden, med eller utan mat. Drikk godt med vatn til.

Graviditet og amming

Metotreksat skal IKKJE brukast ved graviditet eller amming. Behandlinga må avsluttast minst 1 månad før planlagt svangerskap.

Etter

Biverknader

  • Uvelheit, kvalme og nedsett matlyst kan førekomme. Noko sjeldnare sest hovudverk og svimmelheit. Håravfall er svært sjeldan.
  • Levra kan påverkast, det blir derfor anbefalt å vere varsam med samtidig bruk av andre stoff som kan påverke levra, for eksempel alkohol og store dosar paracetamol.
  • Lungepåverknad er sjeldan, men dersom du får tørrhoste og tung pust som ikkje kjem av infeksjon, må du kontakte lege.
  • Produksjonen av blant anna kvite blodlekamar og andre celler frå beinmergen kan bli lågare. Blodprøvekontrollar vil påvise om celledempande effekt er for stor.

Kontrollar

Du må ta regelmessige blodprøvekontrollar for å følge med på at du ikkje får leverpåverknad eller for stor dempande effekt på produksjonen av blodceller. Legen som har starta behandlinga vil lage ein plan for blodprøvekontrollane, nokon tar blodprøvene på sjukehuset mens nokon lagar ein avtale med fastlegen om å ta blodprøvene på fastlegekontoret.

Sist faglig oppdatert 31.01.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Gastromedisinsk poliklinikk

Kontakt Gastromedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 1. etasje på Haugesund sjukehus. Gå til ventesone 7 når du har registrert deg.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF

Om timen din på sjukehuset (endring/avbestilling) - Helse Fonna HF

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

​Kantina i  6.etasje er open for pasientar, besøkande og tilsette.

Opningstider kantine

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt i helger og på heilagdagar.

Pasientkantine i 4 og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med avdelinga du høyrer til.

Du finn ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider kiosk

Måndag-fredag: 06.30-21.00 
Laurdag: 09.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.