Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking, magnetisk resonans

MR av bekkenet

Ved MR-undersøking ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lager bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber ingen form for røntgenstråling.

MR-undersøking av bekkenet vert utført ved mistanke om sjukdom eller skade, eller ved kontroll av kjente tilstandar i bekkenet. Dette for blant anna å vurdere slitasjeforandringar, tilstandar av betennelse, sjå på prostata, livmor, eggstokkar, endetarmen med meir. 

Tilvising og vurdering

Tilvising blir vanlegvis skrive av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.  

Tannlegar kan tilvise til MR. Kiropraktorar og manuellterapeutar kan også tilvise til MR i samband med muskel- og skjelettplager. 

Tilvisinga må innehalde informasjon om  
      
  • innoperert metall eller elektronikk i kroppen  
  • pacemaker 
  • innoperert høyreapparat 
  • klips på blodkar i hovudet 
  • metallsplint i auge 
  • pasienten er gravid 
      

Dersom pasienten har behov for tolk, må ein oppgi det, samt kva språk pasienten snakkar.
      

Før

På grunn av magnetfeltet må tilvisande lege informere om du: 
  • har pacemaker 
  • har innoperert høyreapparat 
  • har klips på blodkar i hovudet 
  • har metallsplint i auge 
  • er gravid 
  • har anna innoperert metall og elektronikk 

Sjekkliste: Dette må bli fjerna før undersøkinga

  • Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagt av magnetfeltet.
  • Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart.  
  • Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
  • Tannprotesar. Dei kan forstyrre i bileta og lause tannprotesar må takast ut om du skal undersøke hovudet/halsområdet.
  • Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.
Dersom du bruker medisinar kan du ta dei på vanleg måte.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel 

I nokre tilfelle må vi sette kontrastvæske i blodet. Du får eit tynt plastrør (venekanyle) lagt inn i ei blodåre. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske i samband med undersøkinga vil legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar. 

Har du klaustrofobi? 

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga. 

Amming 

Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal og du kan ta MR sjølv om du ammer. 

Under

Under undersøkinga ligg du på ein benk som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Du ligg med hovudet eller beina først avhengig av kva for område på kroppen du skal undersøke. Det vi skal undersøke må ligge midt i magnetfeltet. Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra. Ved alle bekkenundersøkingar må ein legge ein spole (plate) over bekkenet. Denne er nødvendig for å kunne lage MR-bilete.  

Mens fotograferinga skjer høyrer du ein rekke bankelyder i maskinen. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden.

Undersøkinga tar omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva legen din har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.

Når bileta blir tatt går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa, for å kunne kontakte personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon, og evt. komme inn i rommet der du ligg. 

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg under sjølve undersøkinga. MR-sjekklista gjeld også for pårørande som skal vere i rommet. 

Gjer det vondt? 

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Du får puter og anna støtte slik at du klarer å ligge stille. 

Man kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over. 

 


Etter

Dersom du er innlagt på sjukehuset kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Viss ikkje kan du reise rett heim når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament bør du ikkje køyre bil sjølv.

Resultatet av undersøkinga 

Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lager ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.