På grunn av magnetfeltet må tilvisande lege informere i tilvisinga om du:
- har pacemaker
- har innoperert høyreapparat
- har anna innoperert metall og elektronikk
- har klips på blodkar i hovudet
- har metallsplint i auge
- er gravid
Sjekkliste: Dette må fjernast før undersøkinga:
- Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagde av magnetfeltet
- Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan trekkjast inn mot apparatet i stor fart.
- Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
- Tannprotesar Dei kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut dersom du skal undersøkje hovud-/halsområdet.
- Augesminke. Ho kan innehalde små delar av metall som kan gi forstyrringar på bileta.
Dersom du bruker medisinar kan du ta dei på vanleg måte.
MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel
I nokre tilfelle må vi setje MR-kontrast i blodet. Då får du eit plastrøyr (venekanyle) lagt inn i ei blodåre. Kontrasten blir sett inn i venekanylen. Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast under undersøkinga skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før du kjem til MR-timen. Er dette tilfelle for deg vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar.
Har du klaustrofobi?
Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga før undersøkinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å liggje og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.
Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammar.