Bestill og endre time for blodgiving
Du kan enkelt bestille eller endre time når du skal gi blod.
MRSA høyrer til ei gruppe bakteriar som blir kalla gule stafylokokkar. Mange har gule stafylokokkar i nasen, på huda og i halsen.
Normalt behandlar vi bakterieinfeksjonar med antibiotika. Nokre infeksjonar er vanskelege å behandle fordi bakteriane er motstandsdyktige mot antibiotika. MRSA (meticillin-resistente staphylococcus aureus) er ein slik bakterie og er motstandsdyktig mot fleire typar antibiotika. Sjølv om antibiotika ikkje verkar, kan vi behandle infeksjonen som MRSA forårsakar.
Menneske med alvorleg sjukdom og/eller nedsett immunforsvar (for eksempel kreft) er mest utsett for å bli sjuke av MRSA. Derfor er det viktig å hindre smitte i sjukehus.
Smitten blir vanlegvis overført ved kontakt/berøring. God handhygiene er det viktigaste tiltaket for å unngå smitte. Smittegrada aukar dersom personen har sår med puss, hudlidingar, luftvegsinfeksjonar eller innlagde kateter. Bakteriane finst på flater som mobiltelefon, nattbord, sengetøy, dørhandtak og på inventar på baderom/toalett. Dei som berører desse områda, kan bli smitta.
Bakteriane finst i lufta i nærleiken av ein som er smitta.
MRSA er vanlegare utanfor Norden og sjansen for å bli smitta er derfor større om du blir innlagd på sjukehus utanfor Norden.
MRSA lever som regel fredeleg på kroppen utan at ein sjølv blir sjuk. Denne tilstanden kallar ein «MRSA‐berarskap». Ved berarskap kan bakterien forsvinne av seg sjølv.
Det viktigaste er at du vaskar og spritar hendene godt. Det kan av og til vere aktuelt med «sanering» av heile kroppen (vaske heile kroppen, nasesalve, skylje munn og hals m.m.) for å prøve å bli kvitt MRSA. Det kan vere nødvendig å undersøke dei som bur saman med deg for å vurdere om dei også må få full kroppsvask (blir sanerte).
Sjølv om mange antibiotika ikkje verkar, vil det som regel vere mogleg å behandle infeksjonar med MRSA.
På sjukehuset vil du få einerom og eige toalett. Dei som møter deg har smittefrakk, hanskar og munnbind. Vi samlar skittentøy i ein eigen gul sekk på rommet.
I utgangspunktet må du vere på rommet heile tida. Du kan spørje om å få lov til å forlate rommet.
Du kan få besøk, men dei som besøker deg må følge alle reglane som står her.
Be personalet om meir informasjon. Det finst to brosjyrar, éin brosjyre med informasjon til pasientar og éin brosjyre med informasjon til besøkande.
Når du har komme heim, kan du leve som normalt, men du må framleis vere nøye med hygienen for å hindre smitte.