Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Musikkterapi for barn og unge

Musikkterapi er for barn og unge frå 0 til 18 år og familiane deira. Oppgåvene til musikkterapeutane er å støtte behandlinga i sjukdomsforløp for enkeltpasientar og grupper, og å fungere som ein positiv ressurs generelt i sjukehusmiljøet.

Tilvising og vurdering

Pasientar og pårørande kan ta kontakt med avdelinga si dersom dei ønsker tilvising til musikkterapi.

Før

Du treng ingen forkunnskapar om musikk for å delta i musikkterapi.

Under

I musikkterapi tar vi utgangspunkt i dei friske ressursane dine. Vi ønsker å legge til rette for gode relasjonar, samspel og kommunikasjon i ein elles sårbar situasjon.

Musikkterapeuten tilbyr i hovudsak individuelt tilpassa musikkterapi på pasientrom, isolat eller musikkrom. Vi tar utgangspunkt i din unike situasjon, ønske og behov.

Vi kan også jobbe med grupper og miljøretta tiltak i det opne rommet til sjukehuset.

Vi ønsker å legge til rette for ulike musikkaktivitetar og positive opplevingar gjennom bruk av musikklytting, avspenning, samspel, songskriving eller komponering i ein terapeutisk relasjon.

Musikkterapien kan ha ulike mål i ulike fasar av behandlinga:

  • skape tryggleik
  • skape føreseielegheit
  • bidra til velvære
  • gi støtte til å meistre spesifikke symptom som smerte eller kvalme
  • auke motivasjonen
  • tru på meistring
  • føre til positiv identitetsbygging
  • auke relasjonelle ferdigheiter
  • gi kjenslemessig støtte og sjølvuttrykk
  • stimulere til fysisk aktivitet

Familie, søsken og andre pårørande er viktige støttespelarar rundt pasienten. Dei blir ofte inviterte til å ta del i musikkterapi, der dei kan dele gode opplevingar og skape positive minne saman med pasienten.

Musikkterapi ved nyfødd intensiv

Nokre sjukehus har eit eige musikkterapitilbod for premature og sjuke nyfødde og familiane deira.

I musikkterapi har foreldra her ei svært viktig rolle, ved at stemmene deira har den unike kvaliteten at dei tilbyr noko trygt og kjent. Foreldre som nyttar seg av musikkterapi, kan lære og erfare korleis dei kan hjelpe barnet til å finne ro og tryggleik på ulike måtar. Foreldra kan bli rettleidde og støtta i bruk av song og stemme som ein måte å kommunisere med – og bli kjende med – barnet sitt. Musikkterapeuten bruker også gitar og andre instrument som er tilpassa nyfødde.

Bruk av musikkterapi i behandling

Musikkterapi kan stimulere til utvikling, regulere for eksempel puls og pust, fremme god søvn og kvile, og styrke foreldre-barn-tilknyting. I tillegg kan musikkterapi tilby foreldre eit rom for å uttrykke seg, slappe av og dele ei fin stund med familien sin.

Sist faglig oppdatert 29.07.2024

Kontakt

Haugesund sjukehus Barn og ungdom poliklinikk

Kontakt Barn og ungdom poliklinikk

Oppmøtestad

Du finn oss i 3. etasje på Haugesund sjukehus. Ta trappene eller heisen ved Narvesen kiosken i 1. etasje for å kome til oss. Då kjem du rett til avdelinga vår i 3. etasje. Meld deg i skranken vår når du kjem.

Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF 

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.